Upwards, outwards and westwards: relocation of ethnic minority groups in the Oslo region.

Forfattar:
L. M. Turner og T. Wessel
Publisert av:
Artikkel i Geografiska annaler: Series B, Human Geography, vol. 95, nr. 1, s. 1-16
Utgivingsår:
2013

Kort om publikasjonen

Artikkelen undersøker sosioøkonomisk og romleg integrering av etniske minoritetar i Noreg. Utgangspunktet for artikkelen er at etnisk bustadsegregering har vore gjenstand for aukande merksemd i Europa. Artikkelen «testar ut» romleg assimileringsteori på norske forhold. Romleg assimileringsteori tilrår ei desegregering etter kvart som minoriteten betrar sin økonomi, blir bustadeigarar og tilpassar seg normene til majoriteten.

Artikkelen diskuterer ulike typar av flyttingar: oppover (auke statusen på nabolaget), utover (frå eit sentralt område til eit forstadsområde) og vestover (frå eit mindre rikt til eit meir rikt område). Kva mønster for romleg integrering finn ein i Oslo?

Analysen er basert på ein longitudinell studie med registerdata over flyttingar innan Oslo mellom 1998 og 2008 for ti minoritetsgrupper.

Oversikt over hovudfunn

  • Flyttemønsteret til minoritetsgruppene stemmer ikkje overeins med (den romlege) assimileringsteorien: Minoritetsgruppene flyttar ikkje i samsvar med majoritetsbefolkninga. Det er eit majoritets-/minoritetsgap i busettingsåtferda som blir reprodusert gjennom individuell mobilitet i regionen.
  • Variasjonane mellom minoritetsgrupper kan ikkje forklarast gjennom sosioøkonomisk integrering.
  • Både forskjellen mellom majoriteten og minoriteten er avhengig av den lokale geografien. Den romlege integreringa av minoritetar i Oslo går ikkje over aust–vest-grensa.

Det er forskjellar mellom dei ulike minoritetsgruppene. Dei med vietnamesisk og iransk bakgrunn hadde eit flyttemønster som likna majoriteten, dei med tyrkisk bakgrunn flytta opp og ut, men innan det same området, og blant dei med somalisk bakgrunn hadde dei fleste flytta bortover eller nedover.

Lenke til meir informasjon

Les artikkelen Upwards, outwards and westwards

Viktig informasjon

Veiviseren.no blir avviklet som eget nettsted 1. april 2023. Etter denne datoen finner du innhold om bolig- og tjenesteområdet på nettstedene til direktoratene som står bak veiviseren.no. Du finner lenker nederst på siden.

Har du spørsmål? Send en e-post til redaktor@husbanken.no

Vis informasjon