- Forfattar:
- K. Johannessen, K. C. Astrup, P. Medby
- Publisert av:
- NIBR-rapport: 2013:22
- Utgivingsår:
- 2013
- Oppdragsgivar:
- Husbanken
- Oppdragsutførar:
- NIBR
Kort om publikasjonen
Sidan 2007 har det vore ein liten nedgang i delen av bustadeigarar blant unge mellom 20–35 år. I denne perioden har det skjedd viktige endringar i dei unge sine etableringsvilkår. Rapporten ser på kva desse endringane består i, og kva for samfunns- og velferdsmessige konsekvensar dei kan ha for unge i etableringsfasen. Rapporten ser også på moglegheiter for å senke etableringsterskelen for unge.
Prosjektet hadde tre hovudproblemstillingar/tema: 1) utviklingstrekk ved dei unge si bustadetablering dei siste fem til sju åra, 2) samfunns- og velferdsmessige konsekvensar og utfordringar knytte til unge si bustadetablering og 3) tiltak. Målgruppa for prosjektet er unge i etableringsfasen. Som unge reknar ein dei som er mellom 20–35 år.
Oversikt over hovudfunn
- Det har dei siste 20 åra vore ein sterk kontinuerleg vekst i realbustadprisar. Denne veksten har vore sterkare enn tilsvarande vekst i realdisponibel inntekt. Dette tilseier isolert at unge står overfor ein høgare etableringsterskel i dagens marknad.
- Prisveksten i leigemarknaden kan svekke dei unge sine moglegheiter til å spare opp den nødvendige eigenkapitalen til å kjøpe eigen bustad.
- Utviklingstrekk viser at den totale leigedelen blant norske husstandar er uendra (eller går litt ned). Blant unge har likevel leigedelen auka.
- Bruken av startlån har auka kraftig i perioden det blir sett på. Auken i bruken av startlån kan ha bidratt til å motverke ein sterkare nedgang i eigardelen blant unge husstandar.
- Casestudiane viser i hovudsak at unge i etableringsfasen har mange av dei same utfordringane i alle kommunane. Informantane understrekar at mange unge har problem med å spare saman til eigenkapitalkravet sjølve, og at mange er avhengige av hjelp frå foreldre eller startlån for å komme inn på bustadmarknaden.
- Det er spesielt to krav som har gjort det vanskelegare for unge å etablere seg: kravet om 15 prosent eigenkapital og sjølvforsikring mot eventuelle renteaukingar på 5 prosent.