Storbyfaktoren. Storbyane sine særlege sosiale og økonomiske utfordringar.

Forfattar:
I. Brattbakk, O.H.Nyhus, B.Andersen, K.Reichborn-Kjennerud og J.M.Vaag Iversen
Utgivingsår:
2017
Oppdragsgivar:
KS, Program for storbyrettet forskning (SØF)
Oppdragsutførar:
Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) og Senter for økonomisk forskning (SØF)

Kort om publikasjonen

Storbyane er under press med store utfordringar knytta til vekst, aukande differensiering, stram økonomi, stort behov for innovasjon og betydelege investeringsoppgåver. På bakgrunn av dette vert hovudproblemstillinga for prosjektet slik: Kva kjenneteiknar storbykommunane sine sosiale og økonomiske utfordringar? Med storbyar meiner ein her dei fem største byane i landet; Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Kristiansand. Studien fokuserer på om desse byane har nokre særskilde utfordringar samanlikna med mindre og mellomstore kommunar, og på skilnader mellom dei fem storbyane.

Oversikt over hovudfunn

Storbyane har særskilde utfordringar i den bustadsosiale sektoren knytta til sterk befolkningsvekst over tid, pressa bustadmarknad med utfordringar både på eige- og leigemarknaden og mange vanskelegstilte. I desse byane finn vi dei rikaste og dei fattigste, dei beste moglegheitene og dei største utfordringane. Sjølv om utfordringane gjeld alle desse fem byane, står Oslo i ei særstilling. Som ein av våre informantar formulerte det: «Verstingane hamnar i Oslo».

Rapporten stadfestar og identifiserer ei rekkje utfordringar for bustadsosial politikk i storbyane:
  • Organisering og desentralisering av bustadsosiale tenester knytta til at storbykommunane er store og komplekse
  • Verkemiddelbruk og ordningar som ikkje er tilstrekkeleg tilpassa storbyane sin situasjon
  • Behov for betre oppfølgingstenester og fleire, og betre tilpassa, kommunalt disponerte bustader
  • At bustadsosiale perspektiv i for liten grad vert teke omsyn til i den generelle byutviklinga
  • Eitt av funna er den sterke konsentrasjonen av kommunale bustader i visse område av byen og samlokalisering i større bygningskompleks. Mange stader i Oslo utgjer desse ekstra store utfordringar for bustadmiljøet. Områdeløfta som vert sett inn fleire stader i Oslo har god effekt på fleire felt, men har sjeldan mandat til å faktisk gjere noko med akkurat dette.

Lenke til meir informasjon

Les hele rapporten her