Selektive virkemidler i lokale boligmarkeder

Forfattar:
V. Nordvik og P. Medby
Publisert av:
NOVA Rapport 8/2007
Utgivingsår:
2007
Oppdragsgivar:
Finansiert gjennom samarbeidsavtalen mellom Husbanken, Byggforsk og NOVA.

Kort om publikasjonen

Denne rapporten summerer opp arbeidet i prosjektet «Selektive virkemidler i lokale boligmarkeder». Hovudspørsmålet er korleis bustadmassen og prisane i ein lokal bustadmarknad blir påverka av utforming og dosering av selektive verkemiddel. Dette blir studert både teoretisk og empirisk, i tillegg til at litteraturen på feltet blir summet opp. Selektive verkemiddel er i denne samanhengen ulike former for tilskot eller lån til husstandar (bustøtte, bustadtilskot, startlån), dette er etterspørselsstimulerande tiltak.

Prosjektet har tidlegere produsert fleire notat, papers og ein artikkel i Journal of Housing Economics. Denne rapporten baserer seg i stor grad på desse.

Oversikt over hovudfunn

  • På kort sikt vil etterspørselsstimulerande selektive tiltak ikkje påverke bustadmassen.
  • Dei vil endre dei relative konkurranseforholda slik at befolkninga si fordeling i bustadmassen blir endra. Desse verkemidla vil også verke prisdrivande på kort sikt.
  • På lengre sikt vil desse effektane bli svekte ved at prisendringar fungerer som signal til bustadbyggarar.
  • I analysane av samanhengane mellom prisnivå i kommunane, fann rapporten ingen klare priseffektar.
  • Både (nye) kommunale leigebustader og selektive lån ser ut til å auke bustadmassen i ei langsiktig likevekt.
  • Estimeringsresultata viser også at dei selektive midla som blir brukte i den norske bustadpolitikken, evnar å påverke bustadmassen si fordeling etter disposisjonsform.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Selektive virkemidler i lokale boligmarkeder