Samfunnsvirkninger av boligpolitikk

forside rapport

Boligsatsinger og samfunnsutvikling i ti norske distriktskommuner

Forfattar:
Jardar Sørvoll og Gøril Kvamme Løset
Publisert av:
NOVA Rapport 3/17
Utgivingsår:
2017
Oppdragsgivar:
Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret) i nært samarbeid med Husbanken
Oppdragsutførar:
NOVA

Kort om publikasjonen

Rapporten ser på samfunnsverknader av bustadsatsinga i ti norske distriktskommunar. Kva er satsinga sitt bidrag til den lokale samfunnsutviklinga, for eksempel med tanke på bustadattraktivitet, næringsattraktivitet og inkludering av ulike grupper? NOVA har brukt kvalitative intervju, dokumentstudie og internettsurvey for å få svar på desse spørsmåla. 

Bustadtilbodet i distrikta kan vere dårleg tilpassa ulike grupper som ungdom, eldre eller arbeidsinnvandrarar. Lav omsetjingsaktivitet, lite nybygging, avgrensa variasjon og høg risiko kjenneteiknar slike bustadmarknader. Difor har nokre norske distriktskommunar gjennomført bustadpolitiske satsingar for å på sikt bidra til meir velfungerande marknad. 

Oversikt over hovudfunn

  • Casekommunane – Hasvik, Hamarøy, Herøy, Grong, Ringebu, Ullensvang, Kvam, Bø i Telemark, Vegårshei og Iveland –  bruker ein kombinasjon av verkemidlar for å overtale aktørar til handling; plan (kjepp), pengar (gulerøter) og kommunikasjon (preik). 
  • Satsingane dekkjer heile det kommunale ansvarsområdet i bustadpolitikken, inkludert areal- og reguleringsplanlegging, vidareformidling av statlege låne- og tilskotsordningar, samarbeid med private, allmenn bustadforsyning og framskaffing av bustader til vanskelegstilte.
  • Fleire av bustadsatsingane er òg ein del av det breiare kommunale attraktivitetsprosjektet med fokus på ombømmebygging, næringsutvikling, inkludering av innvandrarar og stadsuvikling.
  • Respondentane trekkjer fram statlege tilskot, støtte frå politisk leiing i kommunen, kompetanse, engasjement hos private aktørar, godt samarbeid mellom kommunen og private aktørar og god utviklingskultur i kommunen som viktig for å få til satsinga i kommunen. 

Lenke til meir informasjon