Rus og bolig

Kartlegging av boligsituasjonen til personer med rusmiddelproblemer

Forfattar:
Evelin Dyb, Arne Holm
Publisert av:
NIBR - Norsk institutt for by- og regionsforskning
Utgivingsår:
2015
Oppdragsgivar:
Helsedirektoratet
Oppdragsutførar:
NIBR - Norsk institutt for by- og regionsforskning

Kort om publikasjonen

«Rus og bolig» bygger på ei brei kvantitativ kartlegging av bustadsituasjonen til rusmiddelmisbrukarar ved inntak og ved avslutting av poliklinisk behandling og døgnbehandling i TSB. I tillegg er bustadsituasjon til brukarar av eit utval lågterskeltilbod kartlagt. Tilnærma 1000 brukarar er kartlagde.

Rapporten består også av ein kvalitativ del som baserer seg på djupintervju av representantar frå tilsette i kommunar og spesialisthelsetenesta, og personar med rusmiddelproblem.

Oversikt over hovudfunn

  • 60 prosent av TSB-pasientane har eigen eigd eller leigd bustad ved utskrivingstidspunktet. Dei resterande 40 prosenta var kategorisert som bustadlause (inkluderer mellombels bustad). Det var ingen forskjell mellom pasientar i døgnbehandling og poliklinikk. Delen av pasientar med bustad var noko høgare ved inntak enn ved utskriving.
  • Personar som er i ein situasjon med bustadløyse før innsøking i TSB, har svært stor sjanse for å vere bustadlaus også ved avslutta behandling.
  • Halvparten av brukarane av lågterskeltilbod hadde eigen eigd eller leigd bustad, resten var bustadlause.
  • Sjansen for å ha bustad ved avslutta behandling i TSB er nært knytt til personen sin sosioøkonomiske status. Personar med høgare utdanning, tilknyting til arbeidslivet, familie (gift/sambuar) og med ordna bustadsituasjon før innsøking til behandling vil sannsynlegvis også ha bustad ved avslutta behandling. Betydinga av type rusmiddelmisbruk eller om personen fullfører behandlinga etter den oppsette planen, har isolert sett liten eller ingen effekt på bustadsituasjonen ved utskriving.
  • Berre éin av ti pasientar i TSB hadde individuell plan ved behandlingsstart, og det var ingen stor auke i løpet av behandlinga. Fleire hadde ansvarsgruppe (20–40 prosent). Undersøkinga viser at bustad/bustadsituasjon i svært avgrensa omfang er ein del av individuell plan.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Rus og bolig

Lengre samandrag av publikasjonen

Rapporten dokumenterer at det er etablert mange gode butiltak for aktive rusmiddelmisbrukarar, både i form av bustader og oppfølgingstenester. Butilbodet ser likevel ikkje ut til å vere tilstrekkelig differensiert. Det synest særleg å vere utfordringar med å kunne tilby eigna butilbod til dei som blir utskrivne frå behandling/rehabilitering og er motiverte for å fortsette å halde seg rusfrie, dei som var «av og på» i sitt rusmiddelmisbruk, og til unge under 25 år. Informantar i spesialisthelsetenesta (TSB) opplever at kommunane involverer seg og prøver å skaffe eigna butilbod, men at løysinga ofte blir eit mellombels butilbod.

Ei sentral samanfatting av funn frå intervju med brukarar er at det å få på plass eigna bustad på rett tidspunkt i gjennomføringa av behandlinga kan bidra til å støtte ei viktig endring i livssituasjonen. Dette synest særleg å vere avgjerande for personer som er motiverte for halde seg rusfrie eller ønsker kontroll over eige rusinntak. Dette blir støtta både av historiene til dei som har lykkast med å få bustad til rett tid, men også av historiene til dei som ikkje har lykkast med det. Kvalitetar ved busituasjonen som blei trekt fram av brukarane, var blant anna avstand til aktivt rusmiljø og ein viss bustadstandard som kan gi ei oppleving av eit normalisert liv.

NIBR-forskarane meiner at det ligg eit potensial for forbetring ved å bruke allereie eksisterande verktøy på en betre måte. Dei peikar spesielt på samarbeidsavtalen mellom kommunar og helseføretak, og individuell plan og ansvarsgruppe rundt den enkelte pasienten. NIBR tilrår at merksemda på bustadbehov og forståinga av bustad som velferdskomponent i den enkelte sitt liv må styrkast i TSB, og at bustad som område/tematikk må få større plass i samarbeidsavtalane mellom kommunar og helseføretak.