På rett vei

Evaluering av Prosjekt bostedsløse to år etter

Forfattar:
S. Ytrehus, H. C. Sandlie og I. L. S. Hansen
Publisert av:
Fafo-rapport 2008:06
Utgivingsår:
2008
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Fafo og NOVA

Kort om publikasjonen

«Prosjekt bostedsløse» blei oppretta i år 2000 som eit fireårig, nasjonalt forsøksprosjekt med siktemål å utvikle metodar og modellar for arbeidet med å motverke og førebygge bustadløyse. Dei sju største byane og tre frivillige organisasjonar har deltatt i prosjektet. Måla var å utvikle bustad- og tenestemodellar for å avhjelpe og førebygge bustadløyse og vidare drive kunnskapsutvikling og erfaringsoverføring.

Evalueringa viser korleis tiltaka i prosjektet er ført vidare to år etter prosjektavslutning, og brukarane sine erfaringar med hjelpa dei har fått i regi av prosjektet. Evalueringa baserer seg på intervju med tilsette i kommunane og i dei frivillige organisasjonane, brukarar i prosjekta og opplysningar frå skjema der det er registrert korleis det har gått med brukarane.

Oversikt over hovudfunn

  • Dei fleste av bustadtiltaka som blei etablerte i regi av prosjektet, er ført vidare to år etter prosjektslutt.
  • Det har vore brei støtte til vidareføringa frå politisk hald i kommunane.
  • Prosjektet har hatt ei sentral betyding for å sette bustadbehov blant rusmisbrukarar på dagsordenen i kommunane.
  •  Den mest markante og verknadsfulle endringa for det førebyggande arbeidet er større vekt på ambulerande tenester.
  • Husbanken har hatt ei sentral rolle både i tilrettelegging og vidareføring av erfaringar.
  • Deltaking i prosjektet har bidratt til ei betydelig betring av livskvalitet. 
  • Ei viktig framtidig utfordring for kommunane er knytt til moglegheitene for å kunne tilby ein differensiert bustadmasse som kan ta vare på brukarane sine ulike bustadbehov.

Lenke til meir informasjon

Les evalueringen av prosjektet På rett vei