Sammenfatning av funn fra to landsomfattende tilsyn i 2017 - 2018 med tjenester til personer med ROP

forside

Publisert av:
Helsetilsynet
Utgivingsår:
2019

Kort om publikasjonen

Statens helsetilsyn beslutta at tenestetilbodet til personar med samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding skulle være tema for tilsyn i 2017 og 2018. Tilsynet skulle gjennomførast av alle fylkesmenn og omfatte både spesialisthelsetenester, kommunale helse- og omsorgstenester og sosiale tenester. 

Det blei gjort ei risikovurdering på området hausten 2015 for å undersøkje nærmare kva tema og problemstillingar som var mest aktuelle  for tilsynet. Dette er oppsumert i rapport frå Helsetilsynet 3/2016.

To landsomfattande tilsyn er gjennomført: 

  • Tilsyn med kommunale tenester til personar med samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding.
  • Tilsyn med spesialisthelsetenester til pasientar med   psykisk liding og mogleg samtidig rusliding.

Tilsyna er summert opp i tre rapportar, ein rapport frå tilsynet  med dei kommunale tenestene, ein rapport frå tilsynet med spesialist- helsetenesta og ein samlerapport som gir ei oversikt over resultata frå begge tilsyna i ei forkorta utgåve. 

Oversikt over hovudfunn

Kommunar

  • I dei 88 rapportane Helsetilsynet har gått gjennom, har fylkesmannen konkludert med lovbrot i sju av ti kommunar. Funna gir grunn til å uroe seg for om brukarar med samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding får dekt behova sine for tenester. Det varierte frå kommune til kommune kva som svikta. I nokre kommunar gjaldt det for  enkelte tilsynstema, i andre kommunar var det svikt på fleire. 
  • I mange kommunar blei ikkje situasjonen til brukarane undersøkt for å få eit heilskapleg bilete på kva utfordringar og ressursar dei hadde. For at den enkelte skal få individuelt tilpassa og samordna tenester, må ein kartleggje både rusmiddelbruk, psykisk og somatisk helsesituasjon samt utfordringar med å meistre å bu i eigen bustad. 
  • I mange kommunar blei tenestene òg ytt lite planmessig. Det blei ikkje sett mål eller sett i verk tiltak, og tiltak som var satt i verk blei sjeldan evaluerte.
  • I ein tredel av kommunane blei det påvist mangelfull samordning av tenester.

  • At 27 av dei 88 kommunane ikkje fekk påvist lovbrot, viser at det er mogleg å gi eit tenestetilbod som er forsvarleg. Fylkesmennene treff mange medarbeidarar som gjer mykje bra arbeid, og som strekkjer seg langt. Dei kommunane som har gode og trygge tenester, har kompetente medarbeidarar og ei leiing som følgjer med på  arbeidet som blir gjort, og dei legg til rette for at tenestene som blir leverte, er forsvarlege.  

Spesialisthelseteneste

  • Fylkesmennene konkluderte med lovbrot i 18 av 20 tilsyn. Utilstrekkeleg kartlegging og utredning av pasientar er eit hovedfunn i dette tilsynet. Mangelfull utredning kan resultere i at pasientars liding og livsutfalding, ut over den psykiske lidelsen, ikkje kjem fram, og at behandlinga ikkje blir tilpassa og heilskapleg. I verste fall kan konsekvensen bli uforsvarleg pasientbehandling. 

 

Lenke til meir informasjon