IMDis kommuneundersøkelse 2017

Kommuneundersøkinga er IMDi si årlege spørjeundersøking til kommunane. Undersøkinga er retta mot rådmenn i kommunane og bydelsdirektørar i Oslo sine bydelar. Tema for undersøkinga er korleis kommunane arbeider med busetting og integrering av flyktningar og innvandrarar, og korleis dei oppfattar IMDi som samarbeidspartnar. I 2017 var svarprosenten på 73.

Forfattar:
IMDi
Publisert av:
IMDi
Utgivingsår:
2018

Kort om publikasjonen

Kommuneundersøkinga er IMDi si årlege spørjeundersøking til kommunane. Undersøkinga er retta mot rådmenn i kommunane og bydelsdirektørar i Oslo sine bydelar. Tema for undersøkinga er korleis kommunane arbeider med busetting og integrering av flyktningar og innvandrarar, og korleis dei oppfattar IMDi som samarbeidspartnar. I 2017 var svarprosenten på 73.

Oversikt over hovudfunn

• Nesten åtte av ti kommunar finn svingingane i busettingsbehovet utfordrande. Bemanning og planlegging vert trekt fram som særleg utfordrande.
• Meir enn seks av ti kommunar har eit eige mål på kor mange deltakarar som skal over i arbeid eller utdanning etter avslutta introduksjonsprogram. Dette er fleire enn tidlegare år. Prosentdelen av kommunar der leiinga spør etter resultat i introduksjonsprogrammet har også auka.
• I 2017-undersøkinga finn vi at prosentdelen av kommunar som legg til rette for at det kommunale norskopplæringstilbodet skal la seg kombinere med grunnskule og/eller vidaregåande opplæring har auka. Berre ti prosent av kommunane seier at dei ikkje legg til rette for dette.
• Fleire kommunar samarbeider med lokalt næringsliv. Særleg vert Nav sitt nettverk brukt, og ein større prosentdel kommunar enn i fjor har eigne samarbeidsavtalar med lokale arbeidsgivarar.
• I 2017 lanserte IMDi eit nytt digitalt sakshandsamingssystem for busetting. Fleire kommunar ønskjer forbetring av systemet. I tillegg ønskjer kommunane betre kontakt med og rettleiing frå IMDi når det gjeld det nye systemet, og Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) generelt.

Lenke til meir informasjon

IMDis kommuneundersøkelse 2017