Kommuneundersøkelsen 2015

Forfattar:
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)
Utgivingsår:
2016

Kort om publikasjonen

Kommuneundersøkinga er IMDi si årlege undersøking retta mot kommunane om korleis dei arbeider med busetting og integrering av flyktningar og innvandrarar. Kommunane sine oppfatningar av IMDi som samarbeidspartnar blir også belyst. Undersøkinga blir brukt til å kartlegge status og vurdere resultat av integreringsarbeidet, og til å skreddarsy IMDi sine tenester og oppfølgings- og pådrivararbeid mot kommunane.

Undersøkinga blei sendt til rådmann i alle kommunar, og til bydelsdirektør i alle bydelar i Oslo, og fekk ein svarprosent på 76. Det er både spørsmål som blir gjentekne på årsbasis med tanke på måling/monitorering, og spørsmål som blir skifta ut frå eit år til det neste.

Oversikt over hovudfunn

  • For å ta imot eit auka tal på flyktningar planlegg heile 86 prosent av kommunane som har svart, å auke kapasiteten i eige tenesteapparat innan områda introduksjonsprogram, norskopplæring og bustadtenester.
  • Delen av kommunar som har retningslinjer for bruk av tolk der nasjonalt tolkeregister inngår, har auka samanlikna med 2014-undersøkinga.
  • 189 av kommunane i undersøkinga opplyser at dei er vertskommune for ulike typar asylmottak. Mange av desse kommunane svarte at dei har utilstrekkeleg kapasitet til å tilby lovpålagde tenester innanfor skule (37 prosent), barnevern (59 prosent) og helse (42 prosent) til bebuarar i mottak. Dette tyder på varierande og sprengt tenestekapasitet i kommunane overfor denne målgruppa på tidspunktet for undersøkinga.
  • 6 av 10 busettingskommunar har resultatmål for introduksjonsprogrammet. 7 av 10 rapporterer jamleg til kommunal leiing om resultatutviklinga. Høvesvis 4 av 10 og 3 av 10 har likevel ikkje slike resultatmål eller rapporteringsrutinar. Fleire av desse kommunane er små, og har lita eller inga erfaring som busettingskommunar.
  • Kommunane gir uttrykk for at bistand frå IMDi på området «kvalifisering og sysselsetting av flyktningar» ikkje er god nok, og vil være særleg viktig dei nærmaste åra.
  • Om lag 7 av 10 kommunar samarbeider med lokalt næringsliv om kvalifisering og arbeidstrening eller ordinær sysselsetting for flyktningar. 9 av 10 kommunar samarbeider med frivillige organisasjonar om integrering av flyktningar. Det blir samarbeidd med frivillige om blant anna lokale møteplassar, aktivitetar knytte til introduksjonsprogram, norskopplæring og barn og barnefamiliar, og i tillegg helsefremmande tiltak og fysisk aktivitet. Nær 8 av 10 kommunar har planar om å initiere eller vidareutvikle samarbeidet med næringsliv og frivillige i 2016.
  • Utover økonomiske tilskot og bistand til busetting av flyktningar har 8 av 10 kommunar fått bidrag frå IMDi i form av tilrettelegging for spreiing av kunnskap og erfaringsutveksling mellom kommunar og andre statlege aktørar i 2016.

Lenke til meir informasjon

Les heile kommuneundersøkinga til IMDI.

Vedlegg

Kommuneundersøkelsen 2015
Jubileum balonger

Veiviseren - 1 år!

Hva har vi gjort på ett år?
Vi har fått inn 30 nye temaer, beskrevet 15 nye forskningsrapporter og fått inn 18 nye eksempler fra kommuner.

Hva gjør vi fremover?
Vi jobber med 2 nye e-læringskurs, flere filmer og nye temaer. Mye spennende som skjer!

Vil du være med å påvirke innholdet?
Bruk innspillsidene og brukerundersøkelsen som ligger ute her