Kommunenes tilrettelegging for boligbygging

Forfattar:
Rolf Barlindhaug, Arne Holm, Berit Nordahl
Utgivingsår:
2014
Oppdragsgivar:
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Oppdragsutførar:
Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR)

Kort om publikasjonen

Det er gjennomført ei breiddekartlegging av korleis vekstkommunar legg til rette for bustadbygging og utført oppfølgjande intervju i fire av kommunane. Kartlegginga omfattar fleire tema. Eitt tema dreiar seg om nivået på bustadbygginga i samband med planlagt bustadbygging og fordelinga av historiske og framtidige utbyggingsformer. Kommunen si rolle i tomteforsyninga er eit anna tema. I kva for eit omfang sel kommunane tomter til bustadbygging og kor aktive dei er i å skaffe nye areal til bustadformål. Eitt tredje tema er kommunane si rolle som reguleringsautoritet, der bruk av rekkefølgjebestemming og utbyggingsavtalar er sentrale undertema.

Oversikt over hovudfunn

  • I den grad framtidig utbygging vil skje innanfor byggesona, vil mange kommunar møte utfordringar knytta til samordning av mange grunneigarar i utbyggingsområde, tidleg avklaring av rammevilkåra for aktuelle område som tomteutnytting, planar for uterom, vegar og sosial infrastruktur. Det vil verte kravd modellar for kostnadsfordeling av infrastrukturinvesteringar, både mellom grunneigarar i eit område og mellom grunneigarar og kommunen.

  • Det statlege rammeverket for rekkefølgjebestemmingar og utbyggingsavtalar synest å fungere godt, men det er viktig med førerseieleg vilkår rundt rekkjefølgjekrav som må oppfyllast av regionale og statlege etatar. Kommunane ønskjer optimal utnytting av sosial og teknisk infrastruktur, noko som trekkjer i retning av å styre utbyggingsrekkjefølga. Utbyggarane ønskjer å spreie bustadbygginga i kommunane slik at marknaden lettare tek unna det som vert produsert. I den grad kommunen sine synspunkt vinn fram, kan dette påverke det samla tilbodet om nye bustadar negativt. 

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten "Kommunenes tilrettelegging for boligbygging"