- Forfattar:
- K. C. Astrup, R. Barlindhaug og P. Medby
- Utgivingsår:
- 2015
- Oppdragsgivar:
- Kommunal- og moderniseringsdepartementet
- Oppdragsutførar:
- NIBR
Kort om publikasjonen
Formålet med prosjektet er å kartlegge og analysere marknadsverknader og indirekte individeffektar av dei bustadsosiale verkemidla.
Rapporten belyser tre hovudproblemstillingar:
- Påverkar bruken av startlån, bustadtilskot til etablering og bustøtte prisnivået i bustadmarknaden?
- Vil det å skaffe kommunale utleigebustader ha fortrengande effekt på bustadmarknaden, forstått som at tilvekst i massen av kommunale utleigebustader ikkje gir full utteljing i størrelsen på den samla bustadmassen, men vil kunne fortrenge ein del av den private bustadbygginga?
- Kva effekt har dei bustadøkonomiske verkemidla på eigardelen?
Rapporten baserer seg på ei rekke regresjonsanalysar. Datagrunnlaget for analysane er henta frå Statistikkbanken i SSB og folke- og bustadteljingane frå 2001 og 2011, og i tillegg KOSTRA.
Oversikt over hovudfunn
- Selektive verkemiddel fører til auka prisar; størrelsen på priseffekten vil vere sterkast i dei nedre segmenta.
- Det er indikasjonar på at kommunalt disponerte bustader i større grad enn tidlegere blir allokerte til husstandar som ikkje elles hadde komme inn på marknaden.
- Startlånet aukar eigardelen i kommunane, samtidig finn ikkje rapporten signifikant positivt estimat for verken bustadtilskotet eller bustøtta.