- Forfattar:
- H. Skifter Andersen
- Utgivingsår:
- 2012
- Oppdragsutførar:
- SBi/Statens Byggeforskningsinstitut/Danish Building Research Institute
Kort om publikasjonen
Rapporten er skriven i samband med NODES-prosjektet (Nordic Welfare states and the dynamics and effects of ethnic residential segregation). Rapporten bygger på ein komparativ analyse av implikasjonane av bustadpolitikken for innvandrarar i dei nordiske landa, og er delvis basert på NODES-rapporten «Immigration, Housing and Segregation in the Nordic Welfare States» (Andersson et al. 2010).
Oversikt over hovudfunn
- Bustadsituasjonen for innvandrarar varierer mellom dei nordiske landa. Dette heng i stor grad saman med forskjellar i bustadmarknadene og bustadpolitikken som har forma desse marknadene.
- Det er store forskjellar mellom landa i innvandrarane si fordeling på bustadmarknaden.
- Den norske konteksten viser at ein mangel på tilstrekkeleg med leigebustader kan «presse» innvandrarar til å bli bustadeigarar, noko som kan vere ønskeleg.
- Ulempa er likevel at dette fører til at mange innvandrarar bur svært trongt.
- Mangelen på leigebustader fører til eit høgt press på leigemarknaden. Dette opnar opp for høge leigeprisar og for diskriminering.
- Ein stor sosial/offentleg bustadsektor legg til rette for gode bustadmoglegheiter for innvandrarar, men kan også føre til bustadsegregering.