Housing First i Norge

Ei oppsummering av kunnskap om Housing First-tiltak i Noreg
Forside rapport

Forfattar:
Hedda Barvik og Maja Flåto
Utgivingsår:
2018
Oppdragsgivar:
Bolig for velferd

Kort om publikasjonen

Housing First er ein modell for busetting av personar som opplever bustadsløyse og har utfordringar knytta til rus og/eller psykisk helse. Modellen har lenge vore eit tema i forskning, forvalting og praksis, både internasjonalt og i Noreg. Housing First vart først utvikla som modell i USA, og har vore inspirasjon for utprøvinga av Housing First i Noreg. 

Rapporten samanfattar kunnskap om kva Housing First er i Noreg i dag, og kva Housing First tilfører arbeidet med bustadlause. Kunnskapen skal bidra til å styrke staten og kommunen sitt avgjerdssgrunnlag i arbeidet med å finne gode bustad- og tenesteløysingar for personar som har opplevd bustadløyse over lang tid.

Oversikt over hovudfunn

  • Housing First i Noreg er per i dag ikkje ein einsarta modell, men fleire prosjekt som har til felles at dei er inspirerte av Pathways to Housings modell. Dette funnet er ikkje overraskande, då kontekstuelle forskjellar mellom Noreg og USA viser at det trengs lokal tilpassing.

  • Tilrådingane for arbeid med bustadløyse i dag, ligg tett opp mot Pathways’s tilrådingar. Alle skal ha ein god stad å bu, og alle med bruk for tenester for å oppretthalde ein god busituasjon skal få det. Brukarmedverknad er også trekt fram i Bolig for velferd, og er tungt vektlagt i Opptrappingsplanen for rusfeltet. Funna i denne rapporten viser likevel at det er avstand mellom nasjonale føringar og kommunal praksis fleire stader.
  • Samstundes som det ordinære tilbodet av bustader og tenester i Noreg har fleire likskapstrekk med Housing First, ser vi at dei norske Housing First-prosjekta skil seg frå ordinært kommunalt arbeid på fleire område. Dette gjeld blant anna tilbodet av bustader. Housing First-prosjekta har i stor utstrekking vore trufaste mot modellane og tilbydd ordinære bustader, i ordinære bumiljø, med ordinære leigekontraktar og utan tenester lokalisert på staden. Blant det kommunale tilbodet, også i kommunar som har Housing First-prosjekt, ser vi ein utstrakt bruk av samlokaliserte løysingar, spesialbustader for rusmisbrukarar, og bruk av klausular i leigekontraktane dersom kommunen ser det som føremålstenleg.

  • Deltakarane i prosjekta gir uttrykk for ein auka grad av anerkjenning og sjølvbestemming i møte med Housing First-team samanlikna med tidlegare erfaringar med tenesteapparatet. Også dei tilsette i teama leggjer vekt på at Housing First involverer ein annan måte å møte bebuarane på, der tenester vert lagt til rette ut frå den einskilde sitt behov og ønske. Housing First-teama ser med andre ord ut til å, i større grad enn anna tenesteyting, setje i verk nasjonale føringar om å setje brukaren i sentrum for tenestetilbodet.
  • Det er også utfordringar Housing First-prosjekta deler med det ordinære tilbodet i kommunane. Sentralt i denne samanhengen er ei gjennomgåande utfordring med for lite tilgjengelege og oppsøkjande tilbod frå spesialisthelsetenesta, og manglande samhandling mellom spesialisthelsetenesta og kommunale tenesteytarar.

  • Ei anna utfordring er at mange av deltakarane i prosjekta strevar med einsemd og isolasjon og manglar tilgang til meiningsfylte aktivitetar. Tilsette i prosjekta trekkjer fram at behovet er stort for å tilretteleggje for at deltakarane har noko meiningsfylt å gjere, som jobb eller utdanning.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten: "Housing First i Norge"

Viktig informasjon

Veiviseren.no blir avviklet som eget nettsted 1. april 2023. Etter denne datoen finner du innhold om bolig- og tjenesteområdet på nettstedene til direktoratene som står bak veiviseren.no. Du finner lenker nederst på siden.

Har du spørsmål? Send en e-post til redaktor@husbanken.no

Vis informasjon