Fortetting med kvalitet

Forfattar:
Lene Schmidt
Publisert av:
Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR)
Utgivingsår:
2014
Oppdragsutførar:
Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR)

Kort om publikasjonen

Rapporten drøftar kva dimensjonar og kvalitetar ein bør vurdere for å oppnå måla om fortetting med kvalitet.
Tre deltema/dimensjonar vert vurderte: 

  1. Områdeplanlegging
  2. Planlegging av busetnad
  3. Grøne område.

Oversikt over hovudfunn

Utfordringar ved fortetting: 

  • Det er fare for at grøne lunger i byen vert bygde ned
  • Auka trafikkbelastning og forureining dersom bruk av privatbil vert prioritert
  • For høg arealutnyttig med påfølgjande reduserte bukvalitetar, tap av sol og dagsljos/utsikt, dårlege uteareal og problem med innsyn og støy
  • Fortetting kan forstyrre eller øydeleggje området eller tettstaden sitt særpreg. Område med heilskapleg byggjeskikk og arkitektoniske kvalitetar, viktige kulturhistoriske element og landskapstrekk bør verte vurdert spesielt nøye

Fortetting kan føre til redusert areal- og transportbehov i byane. Skal mål om berekraftig byutvikling verte realisert gjennom økt fortetting må ein samtidig bøte på manglar og sikre kvalitetar i nærmiljøet til fortettingsområdet. Fortetting av bu- og næringsområde som er basert på områdeplanar der ting vert sett i samanheng, kan bidra til gode, sosialt berekraftige bumiljø der kvardagens gjeremål kan verte utført utan bruk av bil. 

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten "Fortetting med kvalitet"