Følgeevaluering av Boligsosialt utviklingsprogram

Forfattar:
Marte Hanche‐Dalseth, Else Ragni Yttredal, Randi Bergem og Susanne Moen Ouff
Publisert av:
Møreforsking Volda Rapport nr 11 2010
Utgivingsår:
2010
Oppdragsgivar:
Husbanken øst
Oppdragsutførar:
Møreforskning

Kort om publikasjonen

Denne statusrapporten er den første av i alt tre knytt til Møreforsking Volda si følgeevaluering av «Boligsosialt utviklingsprogram» i Husbanken Region Aust. Målet med følgeevalueringa er å vidareføre erfaringar frå kommunane sitt arbeid og erfaringar ved bruk av program som metode og verkemiddel i Husbanken sitt bustadsosiale arbeid.

Denne rapporten har fokus på: 1) korleis kommunane har arbeidd med lokal organisering og forankring i prosessen fram mot «Handlingsplan for Boligsosialt utviklingsprogram», og 2) i kva grad Husbanken si programtilnærming i form av «Boligsosialt utviklingsprogram» er ein formålstenleg metode for å betre det bustadsosiale arbeidet i kommunane, i dei to første fasane av programmet.

Oversikt over hovudfunn

  • Alle kommunane har administrativ leiing representert i styringsgruppa. Det er likevel nokre forskjellar når det gjeld i kva grad kommunane sine styringsgrupper består av representantar frå kommunen si administrative toppleiing og/eller leiarar av kommunen sine verksemder og tenesteområde.
  • Felles for kommunane er at dei i stor grad har valt ei sterk organisatorisk forankring blant kommunen si administrative toppleiing.
  • Aktørar utanfor kommuneorganisasjonen har i liten grad vore involvert i arbeidet med programmet utover å vere informantar i foranalysane i kommunane.
  • Kommunane uttrykker i stor grad å vere tilfredse med Husbanken sitt arbeid og det å arbeide med program.
  • Kommunane har relativt samanfallande forventningar til kva «Boligsosialt utviklingsprogram» skal bringe med seg.
  • Svært mange uttrykker at rammemodellen sin program‐ og planfase har vore for knapp, og at det har vært utfordrande å innpasse handlingsplanen tidsmessig med kommunane si rullering av planar.
  • Felles for kommunane er lita eller inga erfaring med det å arbeide med handlingsprogram.
  • Rapporten peikar på fem spesifikke utfordringar i det vidare arbeidet: Korleis skal ein sikre mobilisering og forankring hos eksterne aktørar? Mobilisering av og forankring hos politikarar i kommunane? Korleis løyse dei interne organisatoriske utfordringane? Å jobbe vidare i ein lokal kontekst. Læring knytt til gjennomføring.

Lenke til meir informasjon

Les heile delrapporten «Boligsosialt utviklingsprogram».