Etablering av boliger for mennesker med rus- og psykiske lidelser

Forside SINTEFrapport 2020

- erfaringer fra norske kommuner

Forfattar:
Solvår Wågø, Karin Høyland og Lars Arne Bø
Publisert av:
SINTEF Fag
Utgivingsår:
2020
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
SINTEF Community

Kort om publikasjonen

I denne rapporten har Sintef Community på oppdrag frå Husbanken kome med tilrådingar til kommunar som skal etablere butilbod for personar med samtidige rus- og psykiske lidingar (ROP). Dokumenterte erfaringar viser mellom anna at bebuarane si involvering i planlegginga av butilbodet kan ha stor innverknad på korleis dei vil meistre å bu i bustaden. 

SINTEF Community har under oppdraget samarbeidd med fire kommunar som planlegg eller er i ferd med å etablere butilbod.  Desse kommunane er Ålesund, Steinkjer, Verdal og Levanger. Rapporten dokumenterer erfaringar som kommunane har delt gjennom møter og under fellessamlingar. Basert på desse diskusjonane har SINTEF utarbeidd eit sett med tilrådingar.

Oversikt over hovudfunn

  • Erfaringar med butilbod for menneske med ROP-lidingar må etterprøvast og systematiserast.
  • Bebuarane sine stemmer må verte forstått, høyrd og formidla og få innverknad på bu- og tenestetilbodet.
  • Måten kommunen kommuniserer på, påverkar bebuarane si oppleving av butilbodet.
  • Det må verte etablert tverrfaglege arenaer og interkommunalt samarbeid i kommunane.
  • Omgjevnadene må leggje til rette for relasjonell omsorg. Uformelle møteplassar kan førebyggje utenforskap og einsemd.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten "Etablering av boliger for mennesker med rus- og psykiske lidelser– erfaringer fra norske kommuner" (PDF)

Lengre samandrag av publikasjonen

Denne rapporten er ei videreføring av prosjektet Bokvalitet og verdighet – en evaluering av boliger for mennesker med rus- og psykiske lidelser (Wågø, Høyland & Bø, 2019). 

SINTEF har i fase 2 samarbeidd med dei fire kommunane om planlegginga av eit butilbod for målgruppa. Prosjektet si målsetting har vore å ta i bruk kunnskapen som allereie er opparbeidd om bustadpreferansar og opplevingar av bukvalitet – og å rettleie kommunane for å få etablert eit best mogleg tilbod for menneske med rus- og psykiske lidingar. 
Prosjektet har vore ein arena for samarbeid og erfaringsdeling mellom kommunar, mellom kommunar og etatar som politi og brannvesen – og Husbanken.  

Busetting av personar med rus- og psykiske lidingar er ei stor utfordring for mange kommunar. Det er vanskeleg å finne passande tomter, og lokaliseringa fører ofte til store diskusjonar. Når det gjeld val av bustadane si utforming, planløysing, storleik og materialbruk, er det heller ingen enkle løysingar.

Erfaringane frå prosjektet viser blant anna at bebuarane sine stemmer sjeldan vert høyrde når kommunar skal busette personar med ROP-lidingar. Kommunane bør ta omsyn til at denne gruppa har ulike behov. Éi bustadløysing eller éi lokalisering passar ikkje alle. Kommunane har også erfart at ein gjennomtenkt informasjonsstrategi i forkant har stor betyding for aksept i nabolaget, og for at butilbodet for denne målgruppa skal lukkast.

For at butilbodet for denne målgruppa skal lukkast, er det viktig med eit godt samarbeid og ei tydeleg oppgåve- og ansvarsfordeling mellom etatar i kommunen og mellom kommunen, fastlegen og spesialisthelsetenesta. Kommunen må tale med éi stemme og ha eit felles mål med butilbodet. Dette krev igjen ein godt fundert plan (ein kommuneplan og/eller ein bustadpolitisk handlingsplan) som er vedteken politisk og som alle i kommunen stiller seg bak.

Tilrådingar frå SINTEF

SINTEF har utarbeidd ei sjekkliste med tilrådingar til kommunar som skal planleggje bustader for menneske med ROP-lidingar: 

  • Lokal politisk forankring og kommunal samhandling.
  • Lokalisering og tomteval.
  • Kunnskap om bebuarane.
  • Kartlegging av behov og eksisterande tilbod. Målgruppa er mangfaldig.
  • Ein tydeleg og gjennomtenkt informasjonsstrategi.
  • Planlegg for endringar i behov (bustadkarriere): Kva er neste steg? Kva jobbar vi mot?
  • Entrepriseform og oppfølging i byggeprosessen: Det kan verte dyrt å velje rimelege løysingar.
  • Tildeling og oppfølging: Det er viktig med tverretatlege grupper når ein skal gjere vurderingar.
  • Tenestefilosofi og bustadløysning må vere i samsvar.
  • Kartlegg moglege synergiar mellom tilbod og aktivitetar i kommunar og nærmiljø: Bebuarane skal ikkje berre bu, dei skal leve også. Behov for større vektlegging av aktivitetstilbod og miljøterapi. Spesielt dei yngre treng stader å vere.
  • Betre samspel og overlappande tilbod mellom sjukehus og kommunale tilbod: Ved utskriving frå sjukehus eller soning oppstår eit svart hol. Nye modellar og samhandlingsformar må utviklast for å ta hand om personar i desse sårbare overgangane.
  • Interiør og bygningsdelar må vere enkle å raskt erstatte eller reparere.
  • Involver bebuaren i oppgradering eller reparasjon.
  • Evaluer både byggeprosess og driftsperiode før det vert bygd fleire bustader, og hent inn erfaringar frå andre.
  • Omtanke i planlegginga kostar ikkje ekstra.