- Forfattar:
- K. Aarland
- Publisert av:
- NOVA
- Utgivingsår:
- 2012
- Oppdragsgivar:
- Husbanken
- Oppdragsutførar:
- NOVA
Kort om publikasjonen
Notatet undersøker om bustadeige blant husstandar med låge inntekter er berekraftig over tid.
Hovudspørsmålet som blir stilt, er: Gitt at dei har økonomisk evne til å bli bustadeigarar på eit visst tidspunkt, har dei også økonomisk evne til å halde fram med å vere bustadeigarar over tid med den inntektsutviklinga som blir observert for denne gruppa av husstandar over tid? Vidare ønsker notatet å belyse i kva grad huseigarane kan fortsette å eige bustad sjølv når større (ikkje-budsjetterte) utgifter slår inn og i kva grad dei bustadsosiale verkemidla, i første rekke bustøtte og startlån, nøytraliserer denne typen risiko.
Notatet er basert på data henta frå bustøtteregisteret. Det er fire ulike sortar av husstandar som fekk bustøtte i januar og budde i leigd bustad ved starten av perioden i høvesvis 2006, 2007, 2008 og 2009. Analysen blei utført ved hjelp av ein residualinntektsmodell.
Oversikt over hovudfunn
- Delen av dei som kunne halde fram med å eige var svært høg. Sannsynet for å fortsette å vere eigar i heile analyseperioden låg på 97–98 prosent for alle fire kohortane.
- Kva for finansieringsalternativ som blei nytta ved eit utgiftssjokk, hadde stor innverknad for om eigarar ville klart å halde fram med å vere bustadeigarar.
- Viss utgiftssjokket blei betent gjennom ei utviding i startlånet (som skulle betalast over resten av løpetida) hadde det veldig liten effekt på avgangsratane.
- Vis utgiftssjokket blei betent gjennom forbrukslån, fall sannsynet for å halde fram å vere eigar kraftig.
Lenke til meir informasjon
Last ned rapporten Effekter av boligsosiale virkemidler på individnivå – fokus på eieretablering