- Forfattar:
- S. Søholt, Aa. Aasland, K. Onsager og G. M. Vestby .
- Publisert av:
- NIBR
- Utgivingsår:
- 2012
- Oppdragsgivar:
- Kompetansesenteret for distriktsutvikling og Inkluderings- og mangfoldsdirektoratet.
- Oppdragsutførar:
- NIBR
Kort om publikasjonen
Formålet med studien er å skaffe meir kunnskap om kva innvandrarar sjølve legg vekt på når dei vel å bli buande i norske distriktskommunar. Prosjektet har hatt ambisjonar om å få fram dei gjensidige relasjonane mellom innvandraren og innvandraren sin familie på den eine sida, og staden, inkludert lokalbefolkning, næringsliv, myndigheiter og sivilsamfunn på den andre sida.
Undersøkinga er gjennomført i tre distriktskommunar: Vestvågøy, Tynset og Haram og omfattar kvalitative intervju med eit utval innvandrarar i dei tre kommunane, i tillegg til intervju med representantar for lokale myndigheiter, næringsliv og sivilsamfunn.
Oversikt over hovudfunn
- Innvandringa til norske distriktskommunar blir påverka av politikken for busetting av flyktningar og av økonomiske konjunkturar og arbeidsmoglegheiter.
- Innvandrarar si bulyst i Distrikts-Noreg blir dessutan påverka av kva slags haldningar og praksisar til innvandring og integrering som dominerer lokalt.
- I tillegg til arbeid og bustad er hovudfunna: oppleving av tryggleik og gode oppvekstvilkår for barn, opplevde moglegheiter til å gjennomføre eige / familien sitt livsprosjekt og at ein blir sett som person og inngår i meiningsfulle sosiale relasjonar.
Lenke til meir informasjon
Les rapporten "Derfor blir vi her – innvandrere i Distrikts-Norge"