Den kommunale utleiesektor. Struktur, forvaltning, husleiefastsettelse

Forfattar:
P. Medby og Å. Langsether
Publisert av:
NOVA Rapport 12/2007
Utgivingsår:
2007
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NOVA

Kort om publikasjonen

Rapporten legg fram resultata av dei empiriske analysane av den kommunale utleigesektoren. Rapporten har eit særleg fokus på fastsettinga av husleigene i denne sektoren. Vidare kartlegg ein sektoren si dimensjonering og eigeform, i kva grad utleiga er målretta mot bestemte grupper i befolkninga, og korleis forvaltninga av utleiga er organisert.

Rapporten er basert på to datakjelder: 1) Data om den kommunale utleigesektoren og tildelinga av kommunale bustader, samla inn av Statistisk sentralbyrå. Desse dataa gjeld 2005. 2) Data som forfattarane sjølve samla inn ved hjelp av eit nettbasert spørjeskjema til alle landets kommunar i starten av 2007.

Oversikt over hovudfunn

  • Det er betydelege forskjellar mellom kommunar både når det gjeld dimensjoneringa av den kommunale utleigesektoren, om kommunane sjølve eig dei bustadene dei disponerer og graden av behovsprøving ved tildelinga av bustadene.
  • Alle kommunane som deltok, hadde øyremerka bustader til forskjellige grupper (ordinære bustader for vanskelegstilte, omsorgsbustader, trygdebustader, klausulerte bustader, bustader for flyktningar og bustader underlagde ulike særomsorger).
  • Over halvparten av kommunane har saksbehandlingsrutinar som ikkje tilfredsstiller forvaltningslova sine krav til saksbehandling.
  • Eit fleirtal av kommunane i undersøkinga (60,2 prosent) nyttar ikkje marknadsbasert leigefastsetting ved nye kontraktar i nokre av bustadene dei disponerer.
  • Eit fleirtal av kommunane i undersøkinga (59,3 prosent) nyttar heller ikkje husleigelova sine føresegner om at leiga i gjeldande kontraktar kan justerast til gjengs leige kvart tredje år.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten Den kommunale utleiesektor. Struktur, forvaltning, husleiefastsettelse