Bostedsløse i Norge 2012 - en kartlegging

Forfattar:
E. Dyb og K. Johannessen
Utgivingsår:
2013
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Rapporten er ein analyse av ei landsomfattande kartlegging av bustadlause og i tillegg bakgrunnsopplysningar om bustadlause personar og situasjonar som kan knytast til bustadløyse.

Dataa er innhenta gjennom spørjeskjema til kommunar og statlege og private aktørar som har kontakt med bustadlause personar. Kartlegginga er ein tverrsnittsstudie, og datainnsamlinga blei gjennomført i veke 48 i 2012. Kartlegginga inngår i ein tidsserie og gir data som det er mogleg å samanlikne, om bustadlause personar over ein periode på 17 år.

Rapporten er ein av to basert på prosjektet «Forskningsoppdrag om bostedsløshet».

Oversikt over hovudfunn

  • Talet på bustadlause i Noreg i 2012 er 6259 personar.
  • Bustadløyse er vanlegare i store kommunar enn i små.
  • Dei fleste bustadlause personar er menn, berre tre av ti er kvinner.
  • Bustadlause er yngre enn resten av befolkninga.
  • Den dominerande inntektskjelda blant bustadlause er, og har vore sidan den første kartlegginga blei gjort i 1996, sosialhjelp.
  • Ni av ti bustadlause er einslege. Delen av einslege er noko høgare blant menn enn kvinner.
  • Bustadlause som er fødde utanfor Noreg, er overrepresenterte samanlikna med innvandrarbefolkninga i Noreg: 20 prosent av bustadlause er fødde utanfor Noreg, versus 14,5 prosent innvandrarar i Noreg. Delen av bustadlause som er fødde i land og regionar utanfor Noreg, har vore aukande sidan 2003.

Lenke til meir informasjon

Last ned Bostedsløse i Norge 2012