- Forfattar:
- S. Hjembrekke, K. Lie, A. Thorstensen og A. Aastevdt
- Publisert av:
- TF-rapport nr. 261
- Utgivingsår:
- 2009
- Oppdragsutførar:
- Telemarksforskning
Kort om publikasjonen
Rapporten gjennomgår kommunane sine økonomiske virkemiddel i samband med busetting av flyktningar. Hovudfokus i rapporten er å drøfte og konkretisere forslag til endringar i dei økonomiske virkemidla som kan gi kommunane best moglege føresetnader og insentiv til å busette mange nok flyktningar framover.
Rapporten består av ein kartleggings- og dokumentasjonsdel som synleggjer kva for økonomiske verkemiddel kommunane har å råde over når dei skal busette og integrere flyktningar, i tillegg til ei spørjeundersøking retta mot både økonomi- og flyktningansvarleg i eit utval kommunar.
Oversikt over hovudfunn
Rapporten foreslår fem konkrete endringar i dei økonomiske virkemidla. Desse er å innføre ei særskilt rentekompensasjonsordning, utløyse ekstra tilskot for mottak av einslege, innføre ein ”terskel-bonus”, introdusere eit oppstartstilskot og eventuelt løfte integreringstilskotet reelt.
Lenke til meir informasjon
Last ned rapporten Bosetting av flyktninger – forslag til endringer i økonomiske virkemidler