- Forfattar:
- K. Thorshaug, M. Valenta og B. Berg
- Publisert av:
- NTNU Samfunnsforskning
- Utgivingsår:
- 2009
- Oppdragsgivar:
- Husbanken
- Oppdragsutførar:
- NTNU Samfunnsforskning
Kort om publikasjonen
Rapporten kartlegg norske kommunar sine utfordringar og strategiar for raskare og betre busetting av einslege vaksne flyktningar, med eit særleg fokus på bustadsituasjonen. Rapporten tar utgangspunkt i utfordringane kommunar opplever i forhold til busetting av einslege vaksne flyktningar. Rapporten undersøker kva erfaringar og utfordringar som pregar kommunane sitt busettingsarbeid knytt til bustadsituasjonen, kva moglegheiter som ligg i dette arbeidet, og kva strategiar og tiltak kommunane sjølve etablerer. Han har fokus på spenningsforholdet mellom dei generelle nasjonale strategiane knytte til busetting, kor rask gjennomstrøyminga er, og kor sterkt integreringsaspektet står, og dei faktiske forholda i kommunane, der økonomi og situasjonen på bustadmarknaden gir utfordringar.
Rapporten baserer seg på ei kvantitativ breiddeundersøking blant 159 kommunar og ein djupdstudie i sju midtnorske kommunar. Datamaterialet består av registerdata frå IMDi og eigne innsamla data.
Oversikt over hovudfunn
Busettingsarbeidet har ei rekke utfordringar på fleire område.
Det handlar om:
- Manglande bustadsosial planlegging
- Stor mangel på eigna bustader
- Uføreseielege forhold rundt familiegjenforeining
- Sekundærflytting frå og til kommunane
- Ressurskrevjande integreringsarbeid
Det er behov for å sikre fleksibel kommunal bustadmasse.
Moglege tiltak:
- aktiv bruk av bustadsosiale handlingsplanar
- oppretting av tverrsektorielle ”bustadteam”
- aktiv bruk av den private bustadmarknaden og bruk av bufellesskap som mellombels buløysing mens ein ventar på familiegjenforeining eller fullføring av introduksjonsordning