- Forfattar:
- Arne Holm, Lars Chr. Monkerud
- Publisert av:
- NIBR 2021:1
- Utgivingsår:
- 2020
- Oppdragsgivar:
- Husbanken
- Oppdragsutførar:
- NIBR
Kort om publikasjonen
Føremålet er å vurdere bustadrådgjeving som verkemiddel og gi kommunane råd om korleis denne bør organiserast, vurdere hensikta med bustadrådgjevinga, og kva for kompetanse som vert kravd.Del 1: Kartlegging av korleis bustadrådgjeving vert forstått og organisert i kommunane.
Del 2: Analyse av god praksis og suksesskriterium for gode bustadrådgjevingstenester, med casestudiar frå kommunar som jobbar systematisk med temaet.
Del 3: Oppmodingar til korleis kommunar, Husbanken og andre aktørar bør jobbe vidare med temaet bustadrådgjeving.
Det vart sendt ut ei surveyundersøking til alle kommunane i landet. Svarprosenten var på 54% (194 kommunar). Det var casestudiar i 8 kommunar, med intervju av 27 personar på ulikt nivå. Det vart vidare gjennomført 10 brukarintervju med mottakarar av hjelp og rådgjeving knytt til bustad i casekommunane.
Oversikt over hovudfunn
- Det er uvanleg at all bustadrådgjeving er samlokalisert i ein formell, felles teneste/arena.
- Det er høg grad av samarbeid mellom sektorar i dei fleste kommunar.
- Små kommunar har lite behov for ein felles arena, men over 60 % ønsker auka kompetanse.
- Mellomstore kommunar viser potensiale for å samordne tiltak.
- Store kommunar praktiserer høg grad av tverrfaglege møteplassar.
Rapporten tilrår kompetanseheving i små og mellomstore kommunar, og å opprette samarbeidsarenaer i kommunar av ein viss storleik. Bustadrådgjeving er eit langsiktig samarbeid med mottakarar, der eit fokus på kontaktfasen kan synleggjere både handlingsrom og handlingsval, og fange opp varierte brukargrupper. Det er viktig at mottakarar opplever ansvar og forståing for eigne val. God bustadrådgjeving bør gi personar meistringskjensle, og ein aukande grad av sjølvstende gjennom prosessen.
Det er eit nyttig grep å sjå rådgjevingsarbeidet som to prosessar, og dele det i fem fasar:
- Den bustadsosiale rådgjevingsprosessen inkluderer rådgjeving knytt til startlån og tilskotsordningar. Målgruppe: økonomisk vanskelegstilte, personar med sosiale problem - ROP, innvandrarar og flyktningar.
- Den bustadtekniske rådgjevingsprosessen i samband med bygging, ombygging og rehabilitering av bustadar.
Målgruppe: personar som ønsker å byggje eller rehabilitere bustad, eldre, og personar med nedsett funksjonsevne.
- Kontaktfasen: Etablere kontakt med dei som har eit behov for rådgjeving.
- Kartleggingsfasen: Avklara rådsøkjaren sitt moglegheitsrom. I denne fasen er tverretatleg samarbeid og samhandling sentralt for å få eit godt vidare forlaup.
- Søknadsfasen: Rettleiing og trygging i søknadsfasen. Det er viktig at rettleiinga bidrar til at rådsøkjaren opplever meistringskjensle, og kjensla av å ta eigne aktive handlingsval.
- Vedtaks- og tiltaksfasen: Iverksettingsfase som også krev omfattande oppfølging og rettleiing, t.d. i ein prosess rundt kjøp av bustad.
- Vedlikehaldsfasen: Rettleiing og praktisk bistand knytte til det å halde ved like eit butilhøve. Inkluderer òg økonomisk rådgjeving og oppfølging knytt til det å betene eit bustadlån.
Lenke til meir informasjon
Les heile rapporten Boligrådgivning i kommunene - kartlegging, vurdering og anbefalinger (oslomet.no)Lengre samandrag av publikasjonen
Organisering:
Surveyen viser at formell samorganisering
av all bustadrådgjeving i ei felles teneste er uvanleg blant kommunane, og at
rådgjevinga i all hovudsak vert løyst innanfor dei ulike sektorane. Surveyen
viser likevel òg at det er høg grad av samarbeid og tverrfaglegheit mellom
sektorar i rådgjevingsarbeidet, og at dei fleste kommunane meiner at dette
fungerer godt.
Samstundes ser ein at det er forskjell på
korleis samarbeidet fungerer etter kommunestorleik. I dei små og «oversiktlege»
kommunane synest det å vere lite behov for felles møteplassar på tvers av
sektorar. I dei store kommunane har dei i stor grad oppretta slike felles
møteplassar på tvers i bustadrådgjevingsarbeidet. I dei mellomstore kommunane ser
det likevel ut til å vere eit potensiale for å få meir heilskap og koordinerte
råd gjennom oppretting av ulike samordningstiltak og møteplassar på tvers.
Dei største kommunane meiner kompetansen
innan bustadrådgjeving i kommunen er god. For dei minste kommunane oppgjev likevel
under 40 prosent at behovet for kompetanse er dekt.
Oppmodingar:
- Det er nyttig å tenkje på bustadrådgjevinga som ein prosess, der dei ulike fasane gir ulike utfordringar og behov for oppfølging. Ulike utfordringar og behov kan identifiserast for ulike målgrupper i dei enkelte fasane.
- Rådgjevingsprosessane er så tverrfaglege at kommunane bør etablere samarbeidsarenaer på tvers av sektorar. Undersøkinga viser at det spesielt er dei mellomstore kommunane som vil ha nytte av slike tiltak.
- Dei mindre kommunane må jobbe for å auke kompetansen innanfor bustadrådgjeving.
- Det bør rettast merksemd mot «kontaktfasen» då kommunane opplever ei utfordring knytt til å fange opp ein del personar i aktuelle målgrupper der det potensielt er eit udekt bustadbehov. Det vert spesielt peika på grupper med låg inntekt som leiger i den private marknaden og personar i ROP-gruppa.
- Rådgjevingsprosessen bør innrettast slik at han eller ho som søkjer råd opplever ei aukande grad av meistring gjennom prosessen. Dette må mellom anna gjerast ved å sikre at han/ho som søkjer råd opplever å ta eigne sjølvstendige val til dømes i ein søkjeprosess.
- I forlenginga av dette er det òg viktig å gjere tydeleg reelle handlingsval for rådssøkjar. Det inneber å gjere synleg ansvar og konsekvensar ved ulike handlingsval, til dømes dei forpliktingane som følgjer av å ta opp eit startlån.
- Det er viktig å strekkje rådgjevinga ut i tid, slik at ein òg kan inkludere rettleiing i å meistra butilhøvet over tid. Dette inneber i nokre tilfelle til dømes praktisk rettleiing knytt til oppvarming, straumbruk og så vidare, men også rettleiing og oppfølging knytt til økonomi og til dømes betening av eit bustadlån.