Boligkarriere for startlånesøkere

Forfattar:
R. Barlindhaug, K. Johannessen og T. Kvinge
Utgivingsår:
2011
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Denne rapporten tar for seg behandlinga av søkarar til Husbanken si startlånsordning i 2006 og ser korleis dei som har fått tilsegn om eller avslag på lånesøknaden, har tilpassa seg på bustadmarknaden i perioden 2007–2008.

Rapporten belyser også i kva grad den statlege bustøtta har fungert som eit sikkerheitsnett ved renteoppgang eller nedgang i inntekt, og i kva grad det er samspel mellom ordningane.

Rapporten er basert på registerdata frå SSB og Husbanken sine data over søkarar med registeropplysningar (N 8325), i tillegg til intervju med 16 lånesøkarar.

Oversikt over hovudfunn

  • Søkarar som fekk startlån i kombinasjon med bustadtilskot i 2006, skil seg nemneverdig frå gruppa som ikkje fekk startlån som følge av svak økonomi.
  • Tre av ti startlånssøkarar i datamaterialet fekk avslag på lån.
  • Av alle som fekk tilsegn om startlån i 2006 til oppføring eller kjøp av bustad, var det 83 prosent som eigde ein bustad i 2008. Blant dei som fekk avslag pga. manglande lånebetjeningsevne, var eigardelen i 2008 på 30 prosent.
  • Sjansen for å få lån i kombinasjon med tilskot aukar med inntekt, men går ned med grad av yrkesaktivitet.
  • Rapporten oppfordrar kommunane til å ta større risiko og gi startlån til fleire av søkarane.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Boligkarriere for startlånesøkere

Viktig informasjon

Veiviseren.no blir avviklet som eget nettsted 1. april 2023. Etter denne datoen finner du innhold om bolig- og tjenesteområdet på nettstedene til direktoratene som står bak veiviseren.no. Du finner lenker nederst på siden.

Har du spørsmål? Send en e-post til redaktor@husbanken.no

Vis informasjon