Boliger til pleie- og omsorgsformål

Forside rapport
Forfattar:
Hege Hellvik m.fl.
Utgivingsår:
2017
Oppdragsgivar:
KS
Oppdragsutførar:
Rambøll, prosjektnr. 164037

Kort om publikasjonen

Rambøll har kartlagt og vurdert eksisterande bustader og institusjonar til pleie- og omsorgsformål. Målet har vore å få meir kunnskap om den kommunale bustadmassen bygd før 1998.

Oversikt over hovudfunn

  • Det vil koste kommunane 37 milliardar kroner å modernisere bygningsmasse som brukast til heildøgns omsorg til eit tilfredsstillande funksjonelt nivå. 
  • Halvparten av eldre bustader og plassar til heildøgns omsorg i norske kommunar har ein brukbar standard. 
  • Vedlikehald i pleie- og omsorgsbygg er mangelfull og fleire stader fråverande. Dette skuldast ikkje berre knappe ressursar i kommunane, men bevisst strategi. Behova i bygget vil endre seg over tid, og det er ofte meir kostnadskrevjande å nytte ein bygning som er 30 år samanlikna med ein ny bygning. Praksis er å spare pengar på vedlikehald, rive, så byggje nytt. At investeringstilskotet skal gå til netto tilvekst aukar investeringslysten i nye bygg. 
  • I dialog med Husbanken får kommunane beskjed om at dei kan fråvike disponeringsplikta og bruke bustaden til andre målgrupper. Sjølv om Husbanken syner ein viss fleksibilitet, blir ikkje endringa gjort skriftleg. 
  • Krav om demenstilpassing når bustaden er tenkt til andre målgrupper, gjer bustadmassen lite fleksibel for kommunen, gjer arbeidsprosessen krevjande, og gjer at bustaden har element som ikkje er tilpassa dei som faktisk skal bu der. 
  • Kommunane treng fleksibilitet, ikkje berre netto tilvekst, og omsorgsplassar som møter dagens og framtida sine krav til standard og utforming. 
  • Omsorgstenester i dag treng ein anna eigedomsmasse enn før, og kombinert med knappheit på areal og tomter, gjer dette at nybygg i mange tilfelle er meir aktuelt enn rehabilitering.    

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten.