Bolig og levekår i Norge 2012

Forfattar:
H. C. Sandlie og A. S. Grødem (red.)
Publisert av:
NOVA
Utgivingsår:
2013
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NOVA og Fafo

Kort om publikasjonen

Tema for denne rapporten har vore bustadstandard og tilgjengelegheit, buutgifter og buutgiftsbelastning, leigemarknaden, eldre sin bustadsituasjon, vanskelegstilte sin situasjon på bustadmarknaden og flyttemønster blant arbeidsinnvandrarar. Formålet med prosjektet har vore å skaffe ny og oppdatert kunnskap om utviklingstrekk som kan ha betyding for den norske bustadmarknaden i åra som kjem. Analysane i rapporten er i hovudsak basert på levekårsundersøkinga EU-SILC 2012 med tilkopla likningsdata frå 2011. I tillegg er registerdata om arbeidsinnvandrarar si flytting og tal frå folke- og bustadteljinga 2011 nytta.

Rapporten kan lesast som ei oppdatering av tidlegare gjennomgangar av levekårsundersøkingar med tilleggsmodular om buforhold (1997, 2001, 2004 og 2007), men presenterer også nye tema og analysar.

Oversikt over hovudfunn

  • Endringar i befolkninga sin størrelse og samansetnad påverkar dei behova og krava bustadmarknaden skal innfri. Kva for bustader som er tilgjengelege, og til kva for pris, legg føringar på forventningane og moglegheitene husstandane har til å tilpasse seg denne marknaden.
  • Ei sentral bustadpolitisk utfordring er å få kartlagt i kva grad bustadmarknaden balanserer tilbod og etterspørsel på ein tilfredsstillande måte, slik at det eventuelt kan settast inn tiltak som korrigerer uønskte utfall.
  • Buforholds- og levekårsanalysar med utgangspunkt i spørjeundersøkingar som EU-SILC er ei viktig kjelde til denne typen kartlegging, men dei bør supplerast og kombinerast med andre datakjelder.
  • Spørjeundersøkingar gir ofte eit systematisk skeivt bilde av vanskelegstilte, og dei er lite eigna for å studere prosesser som fører inn og ut av vanskelige posisjonar på bustadmarknaden.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Bolig og levekår i Norge 2012