Bokvalitet og verdighet

forside rapport

- en evaluering av boliger for mennesker med rus- og psykiske lidelser

Forfattar:
Solvår Wågø, Karin Høyland og Lars Arne Bø
Publisert av:
SINTEF Fag
Utgivingsår:
2019
Oppdragsgivar:
Husbanken

Kort om publikasjonen

Målsettinga for prosjektet har vore å evaluere korleis bukvalitet og lokalisering påverkar bebuarane og deira livssituasjon. Prosjektet har sett på nokre bustadløysingar i kommunane Trondheim og Melhus. Bebuarane sine perspektiv har vore sentralt i prosjektet.

Bustader for personar med rus- og psykiatrirelaterte lidingar kan verte prega av stor utskifting. Nokre kan verte buande lenge, men målsettinga er at bebuaren skal vidare, helst til ordinær bustad. Stor utskifting og til dels hard bruk stiller krav til bustaden sin tekniske standard, materialbruk og kvalitet. Bebuarane sine opplevingar av tryggleik og sikkerheit med tanke på ikkje ønska vitjingar, brann og moglegheiter for å skade seg sjølv, er også sett på.

Oversikt over hovudfunn

  • Bustadpreferansar hjå personar med rus- og psykiske lidingar er ikkje så ulike dei ein finn i resten av befolkninga.
  • Småhus synast å vere ei god løysing i båe kommunar. Småhus passar ikkje for alle, og dei som treng tettare oppfylging i bustaden kan ha behov for andre buformer.
  • Det treng ikkje vere nokon motsetnad mellom gjennomtenkt og robust materialbruk og heimleg atmosfære.
  • Det må finnast eit spekter av bustadtilbod (samlokaliserte og individuelle) som passar ulike behov.
  • Det er viktig kven man ein plasserer saman i ei større gruppe.
  • Eit bufellesskap der mange bebuarar rusar seg, har psykiske lidingar og er utagerande, krev heildøgns bemanning for å tryggje bebuarane sjølve og omgivnadene.
  • Fleire bebuarar ynskjer å bidra ved oppgradering og reparasjonar.
  • Erfaringar frå Melhus kommune syner at medverking og det å kunne påverke eigen bustadsituasjon gjev meistringskjensle og ei oppleving av å verte inkludert og teken på alvor.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten.

Viktig informasjon

Veiviseren.no blir avviklet som eget nettsted 1. april 2023. Etter denne datoen finner du innhold om bolig- og tjenesteområdet på nettstedene til direktoratene som står bak veiviseren.no. Du finner lenker nederst på siden.

Har du spørsmål? Send en e-post til redaktor@husbanken.no

Vis informasjon