Barn som lever i fattigdom

Rapport om arbeidet med regjeringens strategi (2015-2017)

Forfattar:
Kjersti Eknes og Nina Søimer Andresen
Publisert av:
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Utgivingsår:
2017
Oppdragsgivar:
Barne- og likestillingsdepartementet
Oppdragsutførar:
Husbanken, Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Integrerings- og mangfolddirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Kulturdepartementet.

Kort om publikasjonen

Rapporten gir ei oppsummering av arbeidet direktorata gjer med regjeringa sin tverrsektorielle strategi «Barn som lever i fattigdom» (2015-2017). 

Rapporten vert innleia med eit kapittel om definisjonar på fattigdom og ulike måtar å måle fattigdom på. Sjølv om målemetodane er ulike, syner alle ei lik utvikling - at det stadig er fleire born som veks opp i familiar med risiko for fattigdom.

Seks direktorat og eit departement har følgt opp strategien, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Helsedirektoratet, Husbanken, IMDi, Kulturdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) koordinerte arbeidet. Ein stor del av rapporten oppsummerer korleis tiltaka i strategien har vorte følgt opp i samarbeidande direktorat og departement.

Oversikt over hovudfunn

Hovudfunnet er at borna sitt perspektiv stadig vert betre teke hand om innanfor fattigdomsfeltet. Samstundes ser vi at det er naudsynt med eit auka fokus på familiane sin inntektssituasjon, dersom trenden med talet på born som veks opp i familiar med vedvarande lavinntekt, skal verte endra.

Arbeid mot fattigdom i bornefamiliar krev heilskapleg og langsiktig fokus, med tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid. Rapporten syner kompleksiteten og omfanget i arbeidet som er gjort i strategiperioden.

Lengre samandrag av publikasjonen

Barn som lever i fattigdom