- Forfattar:
- K. Hidle og A. Vangstad
- Publisert av:
- FoU-rapport nr. 3/2008
- Utgivingsår:
- 2008
- Oppdragsgivar:
- Integrerings- og mangfoldsdirektoratet
- Oppdragsutførar:
- Agderforskning
Kort om publikasjonen
Eit mål i forvaltinga av busettingsarbeidet er at flyktningane skal busettast raskt etter vedtak om opphald, og at busettinga skal føre til arbeid og evne til økonomisk sjølvhjelp. Rapporten undersøker korleis busettingsarbeidet kan bidra til at fleire flyktningar kjem i arbeid. Han drøftar kva for vilkår som ein kan tenke må vere til stades og korleis dette eventuelt utfordrar gjeldande forvaltningspraksis.
Oversikt over hovudfunn
- Delar av forvaltningspraksisen og retningslinjene for denne praksisen er slik innretta at sysselsetting og kvalifisering nødvendigvis ikkje blir tilstrekkeleg fremma, om vi tenker i eit langsiktig perspektiv.
- Kva sysselsettingsperspektivet inneheld, er uklart, men det ser i alle fall ut til å vere ei ideologisk dreiing i retning kvalifisering og totalsituasjonsforståing, og bort frå busetting direkte til arbeid som eit idegrunnlag.
- Langt på veg går rapporten sine anbefalingar i retning av ei forsterking av den kvalitative kunnskapen som blir generert i kontakten som i dag er mellom kommunane og IMDi.