- Forfattar:
- E. B. Sterri
- Utgivingsår:
- 2016
- Oppdragsutførar:
- Fafo
Kort om publikasjonen
Temaet er kommunane sin kapasitet til å handtere situasjonen med dei auka tala på asylantar hausten 2015. Auka busetting av flyktningar fører til fleire og meir omfattande oppgåver for kommunane. Fafo har sett på kva kapasitet kommunane sjølve vurderer å ha i integreringsapparatet, kor utfordringane ligg, og kva planar kommunane har for utviding av apparatet framover.
Notatet baserer seg på data frå to spørjeundersøkingar til leiarar i introduksjonsordninga og rektorar i vaksenopplæringa. Undersøkinga er eit tilleggsprosjekt til i større evaluering av ordningane i introduksjonslova, som blir avslutta i årsskiftet 2016–2017.
Oversikt over hovudfunn
- Majoriteten av kommunane har planer om å utvide kapasiteten i introduksjonsprogram og vaksenopplæring.
- Kommunane er engstelege for om dei vil klare å rekruttere nok norsklærarar i samband med kapasitetsauken, og kunne tilby språkpraksis og arbeidsretta kvalifiseringstiltak.
- Å finne eigna bustader til flyktningar har lenge vore ei utfordring for kommunane. At flyktningar finn bustad på eiga hand og blir busette etter avtale med kommune og stat, såkalla avtalt sjølvbusetting, kan vere ein måte å redusere kommunane sine utfordringar på.
- Nærmare 90 prosent av leiarane som har svart på undersøkinga, ser for seg at frivillige kan ta på seg ei rekke oppgåver i integreringsarbeidet. Fafo meiner dette er eit signal om vilje til samarbeid og tru på at frivillig sektor kan bidra til å avlaste og/eller utfylle kommunane sitt integreringsarbeid.
Lenke til meir informasjon
Les heile rapporten «Kapasitet i integreringsapparatet»