Etniske minoriteter og forskjellsbehandling i leiemarkedet

Forfattar:
S. Søholt, og K. Astrup
Publisert av:
NIBR-rapport 2009:2. Oslo
Utgivingsår:
2009
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Temaet i rapporten er om og eventuelt på kva måtar etniske minoritetar blir forskjellsbehandla i leigemarknaden. Erfaringar frå forskjellige kategoriar av utleigarar og frå leigetakarsida er analyserte. Spørsmålet som rapporten søker å svare på, er: Er det slik at ein del av forskjellane i resultat på leigemarknaden skuldast negativ forskjellsbehandling av leigesøkarar med innvandrarbakgrunn i jakta på leigebustad?

Undersøkinga har fokus på sjølvopplevd diskriminering og er basert på ein kombinasjon av kvantitative og kvalitative data: analyse av Levekårsundersøkinga blant innvandrarar (2005–2006), kvalitative intervju med utleigarar, leigetakarar og i tillegg spørjeskjema til blant anna eit utval kommunar og bustadbyggelag.

Oversikt over hovudfunn

Leigemarknaden blir opplevd heilt forskjellig av leigetakarar med forskjellig innvandrarbakgrunn.

  • Særleg somaliarar og irakarar skil seg ut som svært sårbare for bustadmarknadsdiskriminering på grunnlag av hudfarge, nasjonal bakgrunn og religion.
  • Diskriminering oppstår ved negative kombinasjonar av forhold ved etterspurnadssida og tilbydarsida. Press i leigemarknaden, mismatch mellom husstandsstørrelse og inntektsnivå, og bustadstørrelse og prisnivå bidrar til at utleigarane kan velje mellom mange søkarar.
  • Søholt og Astrup foreslår eit sett av indikatorar som kan bidra til å belyse indirekte og direkte diskriminering i leigemarknaden.
  • Søholt og Astrup foreslår eit knippe tiltak som kan redusere diskriminering.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten Etniske minoriteter og forskjellsbehandling i leiemarkedet

Viktig informasjon

Veiviseren.no blir avviklet som eget nettsted 1. april 2023. Etter denne datoen finner du innhold om bolig- og tjenesteområdet på nettstedene til direktoratene som står bak veiviseren.no. Du finner lenker nederst på siden.

Har du spørsmål? Send en e-post til redaktor@husbanken.no

Vis informasjon