Sosial boligutbygging og planleggerens rolle: en case studie

Forfattar:
E. H. Sjåvik
Publisert av:
Mastergradsoppgave. Institutt for Landskapsplanlegging. Fakultet for Samfunnsvitenskap. Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
Utgivingsår:
2015

Kort om publikasjonen

Oppgåva tar for seg korleis seks kommunar forstår sitt bustadsosiale handlingsrom og korleis planleggaren er knytt til det bustadsosiale arbeidet i nybygginga. Teorien omhandlar planleggaren si rolle gjennom historia, ideal om kva planlegging skal vere, og den kommunale planleggarrolla. Dette blir kopla til viktige bustadpolitiske vegval, som saman med ein gjennomgang av kommunen sine institusjonelle rammer er med på å forklare kommunen og planleggaren sitt handlingsrom og kva for virkemiddel som finst i planlova, som omfattar det bustadsosiale arbeidet. 

Oppgåva er basert på dokumentgjennomgang og djupintervju med planleggarar og fagpersonar innan sosialtenesta.

Lenke til meir informasjon

Les masteroppgåva om planleggerens rolle om sosial boligutbygging