Løslatelse av unge med ikke-vestlig innvandrerbakgrunn

Forfattar:
Siv Hjellnes og Torunn Højdahl
Publisert av:
Kriminalomsorgens utdanningssenter, KRUS
Utgivingsår:
2007
Oppdragsgivar:
Integrerings- og mangfolddirektoratet IMDi
Oppdragsutførar:
KRUS

Kort om publikasjonen

Ein analyse av forsking rundt overgangen frå fengsel til fridom med forslag til konkrete tiltak for å betre denne overgangen for unge (under 26 år) med innvandrarbakgrunn og fengselserfaring. Forfattarane tilrår vidare eit pilotprosjekt med mentorordning og coaching.

Oversikt over hovudfunn

  • Tilsette sin innsats overfor unge innsette/domfelte med innvandrarbakgrunn skil seg ikkje i vesentleg grad frå det arbeidet som blir utført overfor andre innsette/domfelte. Unntaket er unge med innvandrarbakgrunn som har uavklart opphald i landet.
  • Samarbeidet om lauslating er generelt i stor grad personavhengig, og det finst «eldsjeler» blant betjentar, sosialkonsulentar og i friomsorga.
  • Dei unge sine individuelle ressursar og kunnskap bør vektleggast i større grad. I tillegg bør ein så tidleg som mogleg identifisere deira behov og generelle levekårsmanglar. Det er nødvendig at det blir jobba aktivt med å dekke primærbehova i god tid før lauslating.

Lenke til meir informasjon

«Løslatelse av unge med ikke-vestlig innvandrerbakgrunn»

Lengre samandrag av publikasjonen

Denne rapporten dokumenterer kunnskap og analyserer forsking rundt lauslating frå fengsel. Vidare blir det foreslått konkrete tiltak for å betre overgangen frå fengsel til eit liv i fridom for unge (under 26 år) med innvandrarbakgrunn og fengselserfaring.

Utfordringa består i å bli betre på å kunne identifisere dei enkeltindivida som sonar tungt eller som slit med andre vanskar i livet, for dermed å førebygge ny kriminalitet. Det er viktig med tett oppfølging, kontinuitet og å unngå kortvarige prosjekt med hjelparar som «intervenerer» ein kort periode og deretter trekker seg ut.

I forlenginga av denne rapporten er det avgjerande å finne fram til kven ein eventuelt vil rette innsatsen mot og prioritere.

Følgande tiltak blir foreslått:

  1. Igangsetting av pilotprosjektet «Overgang frå fengsel til fridom», over minimum 3 år. Sikre kontinuitet og at ein unngår at ein blir avhengig av innsatsen frå ein enkelt person. Prosjektet inkluderer mentorordning/coachar.
  2. Arbeidsgruppe som kan konkretisere og styrke det faglege innhaldet i lauslatingsprosessen og jobbe med innhaldet i møteplikta og overgangen frå fengsel til fridom.
  3. Kvalifiserande tiltak for målgruppa. Kartlegge den enkelte sine ressursar og føresetnader for å kunne meistre kvardagslivet (jf. styrkeperspektiv/empowerment og føresetnader for meistring).
  4. Kurs, kompetanseheving og dialogkonferansar.