Integration in homeownerland

The Norwegian housing regime and why it matters for immigrants’ social inclusion

Forfattar:
A. S Grødem og I. L. S. Hansen
Publisert av:
Nordic Journal of Migration Research. Vol. 5, nr. 3, s. 117-125
Utgivingsår:
2015

Kort om publikasjonen

Artikkelen fokuserer på familiar med barn og ser på samanhengen mellom bustader og integrering. Den norske bustadmodellen skil seg ut med sitt sterke fokus på det å eige eigen bustad. Ein stor del av innvandrarane bur likevel i leigebustader. Artikkelen spør: Kan aspekt ved bustadmodellen undergrave arbeidet med å fremme reell integrering og sosial inkludering av innvandrarar?

Studien bygger på ein kombinasjon av kvantitative og kvalitative data: Levekårsundersøkinga blant innvandrarar (SSB) og kvalitative intervju med familiar som bur i kommunale leigebustader og familiar med ein ustabil busituasjon.

Oversikt over hovudfunn

  • Den norske bustadmodellen fungerer godt for fleirtalet av innvandrarar.
  • Eit mindre tal har store vanskar.
  • Dårlege og ustabile buforhold utgjer ei utfordring for familieliv og for innvandrarar sin moglegheit til å bygge sosiale nettverk ut over familien.
  • Dei vilkårlege og potensielt diskriminerande utveljingsprosessane i leigemarknaden motverkar utviklinga av generell tillit.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten «Integration in homeownerland».

Jubileum balonger

Veiviseren - 1 år!

Hva har vi gjort på ett år?
Vi har fått inn 30 nye temaer, beskrevet 15 nye forskningsrapporter og fått inn 18 nye eksempler fra kommuner.

Hva gjør vi fremover?
Vi jobber med 2 nye e-læringskurs, flere filmer og nye temaer. Mye spennende som skjer!

Vil du være med å påvirke innholdet?
Bruk innspillsidene og brukerundersøkelsen som ligger ute her