Erfaringer med å bo i egen bolig ved langvarige psykiske helseproblemer

Forfattar:
E. Andvig, A. Lyberg og M. T. Gonzales
Publisert av:
Artikkel i Tidsskrift for psykisk helsearbeid vol. 10, nr 2, s.115 - 128
Utgivingsår:
2013

Kort om publikasjonen

I planlegginga av butilbod og buoppfølging for menneske med psykiske helseproblem er det behov for kunnskap om personen sine erfaringar med å bu i eigen bustad. Denne artikkelen presenterer og samanliknar funn frå kvalitative studiar på dette området. Ein søkestrategi i relevante databasar blei nytta i identifikasjonen av relevante artiklar. Femten artiklar blei inkluderte, og funna blei kategoriserte under temaa: Ønsker og behov relatert til eigen bustad, Positive erfaringar ved å bu i eigen bustad, og Utfordringar ved å bu i eigen bustad.

Oversikt over hovudfunn

  • Menneske med langvarige psykiske helseproblem ønsker å bu i ein vanleg bustad i eit vanleg bumiljø. Dei ønsker ein trygg busituasjon med autonomi, kontroll og føreseielege forhold som kan kombinerast med tilgang til personale ved behov.
  • Eigen bustad gir moglegheit til kontakt med venner og familie og bidrar til betra helse og livskvalitet.
  • Funna synest å støtte opp under Housing First-tilnærminga, og kan nyttast som kunnskap i eksisterande bustadtilbod og i planlegging av nye bustadprosjekt.

Lenke til meir informasjon

Last ned rapporten Erfaringer med å bo i egen bolig ved langvarige psykiske helseproblemer