Implementering av FN sine berekraftsmål i Bømlo kommune

Bømlo kommune er ansvarleg for eksempelet. 
FNs 17 bærekraftsmål presentert gjennom ikoner
Ansvarlig aktør:
Bømlo kommune
Kommunestørrelse:
Mellomstor
Fylke:
Vestland
Oppsummert

Beskrivelse av eksempelet

Bømlo kommune implementerte FN sine berekraftsmål i kommuneplanen sin samfunnsdel, «Bømlo 2049 – KPS» som blei godkjent i kommunestyremøtet i juni 2019. Kommunen var blant dei første i Noreg som gjorde dette arbeidet. 

Resultat

  • Gryande bevisstheit i kring berekraftsmåla, både administrativt og politisk.
  • Kommunestyret blei kjent med overskrifter og ikoner.
  • Berekraftsmåla blei for første gong diskuterte politisk.

Bakgrunn

Før arbeidet med implementeringa tok til, var det nær ingen strategisk bruk av, eller kunnskap om berekraftsmåla i kommunen. Den førre samfunnsdelen frå 2013 hadde svært lita forankring i kommunen sitt daglege virke.  

Målsettinger

  • Skape bevisstheit
  • Synleggjere berekraftsmåla i det første sentrale dokumentet
  • Få fram at berekraftsmåla gjeld i alle sektorar og verksemder, og vil bli brukt framover i alle kommunen sine strategiske planar

Relevant lovverk

Kommunen måtte ikkje setje seg inn i nokre særskilte eller nye lovar utover det som er vanleg for overordna kommunal planlegging,  som plan- og bygningslova, statlege planretningslinjer og så vidare.

Sikre brukermedvirkning

Bømlo kommune la til rette for svært brei medverknad i utarbeiddinga av kommuneplanen sin samfunnsdel. Dette var til dømes informasjonsmøter, opne work shops, grendautvalsmøter (folkemøter) og kommunale råd (ungdom, eldre, med meir). Men størst fokus blei det på innhald og innspel. Berekraftsmåla blei presentert, men var ikkje hovudtema i innspelsrunden. Det var viktigare å sikre administrativ bevisstheit og forankring. 

Finansiering

Implementeringa av berekraftsmåla blei gjort gjennom ordinær kommunal budsjettramme.

Suksessfaktorer

  • Engasjerte eldsjeler i administrasjonen. Dette var viktig i starten.
  • Ei open og velvillig leiing.
  • Å tore eksperimentere med, og nytte sosiale medier og tilgang til gode kommunikasjonskanalar (til dømes at Facebook-sidene kunne bli nytta til informasjonssarbeid og innspel, og ikkje berre var reservert kommunedirektør/ordførar, spesifikke nyhende, einvegskommunikasjon eller andre «restriksjonar»). 

Utfordringer underveis

  • Bømlo kommune var tidleg ute med å innarbeide berekraftsmåla i kommuneplanen. Det var derfor svært få andre liknande kommuner å sjå og lære av.
  • Alle måla blei «prioriterte». Det vil seie at kommunen ikkje hadde tid/ressursar til å bruke mykje tid på meir grundige prioriteringar med involvering av til dømes samtlege leiarar i kommunale verksemder og tenester.
  • Mangel på kompetanse og utryggleik for korleis jobbe heilt konkret med berekraftsmåla i vidare delplanarbeid og dagleg sakshandsaming.
  • Fritidspolitikarar har sjeldan tid til meir grundig arbeid med berekraftsmåla, utover ordinære møtedagar.

Tips til andre

  • Start med administrativ og politisk leiing; kommunedirektør og ordførar må ha eigarskap og drive fram arbeidet.
  • Bruk tid til å finne døme frå andre kommunar som det etter kvart finst ein del av.
  • Ha minst ein workshop med administrativ- og politisk leiing for å prioritere nokre få berekraftsmål. Dette er nok viktigare jo mindre kommunen er. Det er betre å prioritere fire berekraftsmål og gjere dette skikkeleg, enn å prøve seg på 10-12 delmål som ein berre har delvis kapasitet til å følgje opp. 

Vedlegg

  • Vurdering av FN sine berekraftsmål er no ein del av sakshandsamingsmalen i Bømlo kommune.
  • Det er utarbeidd ein instruks for korleis berekraftsmåla skal bli vurderte.
  • Døme på planar der berekraftsmåla er implementerte:

Videreføring av arbeidet

Arbeidet med implementering av FN sine berekraftsmål i Bømlo kommune er fortsatt i startgropa.

Den første planen der ein såg på delmåla og prøvde kople desse til innhald og mål, var i Trafikksikringsplanen i 2019. Her «oppdaga» arbeidsgruppa at til dømes delmål 3.6, om å halvere dødsfall i trafikken, var relevant også lokalt.

Nyleg blei planstrategi for perioden 2021-2024 godkjent, der berekraftsmåla var forsøkt å bli gjort tydeleg til dei ulike temaområda.

Neste større planverk kor berekraftsmåla blir viktige å gjere synlege, er kommuneplanen sin arealdel (KPA) som det blei varsla oppstart og revidering av i mars 2021.