Kva utfordringar finns i distrikta?
Delen eldre innbyggjarar i Noreg kjem til å auke sterkt i åra fram mot 2030, særleg i dei mindre distriktskommunane. Bustadmassen i distriktskommunane er gjerne einsidig og spreidd og består ofte av gamle einebustader som ikkje er egna for alderdommen. Gjennom prosjektet skal kommunane saman med Husbanken og Distriktssenteret ta tak i desse utfordringane.
I Noreg har bustad- og eldrepolitikken som mål at fleire skal bli buande heime så lenge som mogeleg. Nye og/eller meir tilgjengelege bustader kan auke livskvaliteten for bebuarane og lette presset på kommunen sin helse- og omsorgssektor. Samstundes kan bygging av nye bustader i distriktskommunar vise seg å ikkje vere lønsamt, og kjøp av bustad kan føre til økonomisk tap fordi bustadverdien ikkje er høg nok til å forsvare investeringane.
Prosjektet rettar seg mot kommunar der bustadmarknaden av ulike årsaker fungerer dårleg, men det er òg eit mål at kunnskapen som blir kjem fram i prosjektet skal være nyttig for andre kommunar.
I prosjektperioden ser kommunane på korleis dei kan legge til rette for å utvikle eit godt tilbod av aldersvenlege bustader (gjennom å tilpasse eksisterande bustader og utvikle nye) i aldersvenlege bumiljø slik at det gir vinst for den einskilde bebuar, for kommunen og for utvikling av lokalsamfunnet.
Gjennom prosjektet identifiserer Husbanken og Distriktssenteret flaskehalsar for aldersvenleg bustadutvikling og gir råd om korleis kommunane kan kople eldrepolitikken til overordna samfunnsplanlegging, stadutvikling og folkehelsearbeid.
Målet med prosjektet
Eit viktig mål i prosjektet er å få fram konkrete prosjekt som legg til rette for sosiale buformar. Distriktskommunane som deltek skal sjå på korleis dei kan legge til rette for å utvikle tilbodet av aldersvenlege bustader (nye og eksisterande) i aldersvenlege bumiljø, slik at det gir vinst for den einskilde innbyggjar, for kommunen og for lokal samfunnsutvikling. Det skal òg utviklast verkemiddel og verktøy i form av betre arealplanar, samfunnsplanar, konkrete prosjekt og tiltak. Prosjektperioden går fra 2020-2022.
I perioden skal kommunane som er med:
- prøve ut tiltak i eigen kommune
- dele erfaringar
- gje innspel til utvikling av verkemiddel
- skape grunnlag for ein meir aldersvennleg bustadpolitikk i norske kommunar
Det er eit mål at erfaringane frå prosjektet skal kunne tas i bruk av andre kommunar. Når prosjektperioden er over i 2022 vil resultata bli formidla til andre norske kommunar, slik at dei kan dra nytte av prosjektkommunane sitt arbeid og erfaringar. Prosjektet er eit samarbeid mellom Distrikssenteret og Husbanken. Agenda Kaupang bistår prosjektet.
Desse kommunane er med:
- Sør-Varanger
- Beiarn
- Herøy i Nordland
- Grong
- Vanylven
- Stryn
- Ullensvang
- Iveland
- Vinje
- Våler i Innlandet
- Kongsvinger
- Engerdal
Du kan lese meir om dei ulike kommunane sitt arbeid så langt på Husbanken sine heimesider
Meir informasjon:
Prosjektmandat (PDF)
Omtale av prosjektet på Distriktssenteret sine heimesider