Virkninger av startlån

Forfattar:
Proba samfunnsanalyse
Publisert av:
Proba samfunnsanalyse Rapport 2012 – 01
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Proba samfunnsanalyse

Kort om publikasjonen

Finanstilsynet utforma i mars 2010 retningslinjer som sikta mot å få bankar og andre finansinstitusjonar til å stramme inn krava for å få bustadlån. Startlånordninga kan seiast å undergrave Finanstilsynet sitt tiltak for å stramme inn bankane sin bustadlånpraksis. I desember 2011 kom Finanstilsynet med nye retningslinjer. Desse vil også kunne ramme bruken av startlån, gitt at startlån blir kombinert med banklån ved kjøp av bustad. Men det er uklart kor sterke verknader retningslinjene vil få. Rapporten prøver på denne bakgrunnen å svare på fire spørsmål:

  1. Har den sterke veksten i startlån medverka til å auke presset i bustadmarknaden?
  2. Representerer moglegheita for å få 100 prosent lånefinansiering gjennom startlån ein enkel måte å omgå Finanstilsynet sine retningslinjer på?
  3. Bidrar auka bruk av startlån til å auke omfanget av lån, noko som kan bli ei utfordring dersom bustadprisane fell, arbeidsløysa aukar eller renta stig?
  4. Kva er dei samfunnsøkonomiske konsekvensane ved å krevje 15 prosent eigenkapital også ved kjøp som er delvis finansierte med startlån?

Analysen er basert på Husbanken sine register over søknader om og tildeling av startlån, ei spørjeundersøking mot saksbehandlarane for startlånordninga og eksisterande litteratur.

Oversikt over hovudfunn

  • I perioden 2005–11 har det vore ein tendens til at ein større del av startlåna er gått til førstegongsetablering og mindre til reetablering. Delen av vanskelegstilte blant låntakarane har gått ned frå 32 til 25 prosent.
  • Det er grunn til å tru at den samla nytten av startlån i forhold til dei vanskelegstilte i stor grad er avhengig av praksis hos den enkelte kommunen og den enkelte saksbehandlaren.
  • Gjelda har i den seinare tida vakse sterkast i husstandsgrupper med svak evne til å betene gjelda. Denne utviklinga aukar risikoen for eit tilbakeslag. Startlånordninga bidrar i dag til auke desse risikoane.
  • Over halvparten av dei spurde saksbehandlarane for startlån i kommunane svarte at retningslinjene hadde gitt auka etterspørsel etter startlån sidan 2009, og om lag 3 av 4 svarte at bankane sin utlånspraksis hadde trekt i den same retninga.
  • Enkelte teikn tyder på at etterspørselen etter startlån har endra seg i den retninga ein kunne forvente, men ikkje alle indikatorar peikar i den retninga, og dei eventuelle effektane ser ut til å vere relativt svake.
  • Innføring av eit eigenkapitalkrav på 15 prosent, også ved finansiering med startlån, vil redusere målgruppa sitt kjøp av bustad, og vil dermed gi redusert bustadpolitisk måloppnåing.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten om virkninger av startlån