Virkemidler for bedre uterom i byboligprosjekter

Forfattar:
Lene Schmidt
Utgivingsår:
2008
Oppdragsgivar:
Miljøverndepartementet
Oppdragsutførar:
Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR)

Kort om publikasjonen

Føremålet med prosjektet var å systematisere og trekkje ut erfaringar frå materialet som vart tilverka i arbeidsgruppa: ”Kvalitet i utearealene” i regi av Miljøverndepartementet. Vidare skulle ein på grunnlag av denne gjennomgangen presentere forslag til kvalitetskrav i lovverket. Notatet er ei bearbeiding av eit diskusjonsgrunnlag som vart lagt fram og diskutert på eit møte i arbeidsgruppa hausten 2007.

Oversikt over hovudfunn

  • Studiar av uterom i den tette byen tyder på at sjølv om kommunane har eigne vedtekter med leikeplassnormer og liknande, har ein ikkje vore i stand til å oppretthalde kvaliteten i uteromma godt nok.
  • Notatet skisserer innspel til krav til kvalitet som kan danne grunnlaget for det vidare arbeidet i departementet.
  • Forslaga tek utgangspunkt i den noverande plan- og byggingslova, vel vitande om at både plandelen og byggjesaksdelen av plan- og byggingslova er under revisjon. 

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten" Virkemidler for bedre uterom i byboligprosjekter"