Vanskeligstilte på det norske boligmarkedet

forside rapport

En kunnskapsoversikt

Forfattar:
Jardar Sørvoll og Monica Five Aarset
Publisert av:
Velferdsforskningsinstituttet NOVA, HiOA
Utgivingsår:
2015
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Velferdsforskningsinstituttet NOVA, HiOA

Kort om publikasjonen

Rapporten har gjort ei analyse av forskning knytt til boligsosiale virkemiddel, integrering, marginalisering og segregering på bustadmarknaden i perioden 20015-2015. Rapporten går gjennom forskningslitteratur som alt finns, identifiserer hol i kunnskapsgrunnlaget på feltet, legg til rette for kumulativ forsking og bidreg til eit informert og kritisk ordskifte  om boligmodellen i Noreg og den boligsosiale politikken retta mot vanskelegsilte på bustadmarknaden.

Oversikt over hovudfunn

  • Kven er vanskeligstilte på bustadmarknaden, og kvifor er dei det? Problemstillinga er kompleks, NOVA tilråder at ein skaffar meir kunnskap om situasjonar, mekanismar og strukturelle forhold som kan føre til at nokon hushald kjem i ein vanskeleg situasjon.

  • Kva prosessar fører til integrering, marginalisering og segregering? Mange innvandrarar eig sin eigen bustad, men på leiemarknaden blir nokre etniske minoritetar diskriminerte. NOVA tilråder at ein skaffar meir kunnskap om korleis samfunnet kan motverke slike mekanismar.

  • Kva effektar har økonomiske virkemiddel og andre tiltak for målgruppa og marknaden? NOVA meiner det er behov for studiar med større faglig tyngde, som òg ser på kva for effekt ulike tiltak og virkemiddel faktisk har for målgruppa.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten

Lengre samandrag av publikasjonen

Bakgrunn og mål

Rapporten har bakgrunn i behov for ei oppdatert og meir analytisk oversikt over eksisterande kunnskap på det boligsosiale området. Analysen har tatt føre seg kunnskap utvikla i perioden 2005-2015, laga katalog over forsking som alt er gjort, og avdekka hol i kunnskapsgrunnlaget.
Analysen er avgrensa til tre område:

  • personar med vanskar knytt til bustadmarknaden
  • integrering, marginalisering og segregering
  • virkemiddel og tiltak.

Innafor kvart område er det skissert nokre viktige problemstillingar som analysen fokuserer på gjennom ei kritisk drøfting og vurdering av relevant forsking. Kva områder har vi alt god kunnskap om, og kor trengs meir kunnskap?

NOVA har lagt seg tett opp mot dei tema som ble definert i oppdraget, og har mellom anna ikkje tatt med forsking som ser på ungdom med etableringsproblem, busetting av mindreårige asylsøkarar, politikk knytt til eldrebustader eller vekemiddel knytt til bustadforsyning generelt.

Kunnskapsstatus og kunnskapsbehov på dei tre tematiske områda

Vanskelegstilte

Det finns mykje kunnskap om kven som er vanskelegstilt. Det finns òg studiar av trekk i utviklinga, men ikkje studiar som følger vanskelegstilte over tid. Rapporten peker på at individuell forståing av vanskelegstilte og personar utan bustad kan føre til selektive og individretta verkemiddel, ei forståing som kan underkommunisere kva rolle strukturelle forhold og mekanismar har. Rapporten peiker på at strukturelle forhold klart verkar inn på korleis dei vanskelegstilte har det, og gir liten støtte til ei individualistisk forståing av det å vere vanskelegstilt eller utan bustad – i alle fall om ein ikkje samstundes tar omsyn til strukturelle forhold. Det er avdekka ei rekke behov for kunnskap om vanskelegstilte, desse er skildra nærare i rapporten.

Integrering, marginalisering og segregering

Ifølge rapporten eiger dei fleste innvandrarar eigen bustad og er godt integrert i sjølveigar-marknaden. Samstundes finns det grupper som ikkje er godt integrert, d.v.s. i stor grad ikkje eig eigen bustad, og enkelte innvandrargrupper er overrepresenterte i kommunale bustader.  Det er fleire forklaringar på dette, mellom anna at enkelte innvandrargrupper blir forskjellsbehandla på leigemarknaden. Det er avdekka fleire behov for kunnskap knytt til integrering, marginalisering og segregering, desse er skildra nærare i rapporten.

Verkemiddel og tiltak

Forsking viser at det er naudsynt med større overføringar viss bostøtta skal vere eit bustadpolitisk og fattigdomsdempande verkemiddel. Forsking på startlånet har hatt fokus på korleis ordninga er organisert og praktisert i kommunane. Når det gjelde marknadseffektar viser studie at nye offentlege bustader har klart størst effekt for det totale bustadtilbodet i kommunar med liten kommunal bustadsektor. Effekten av bustadpolitiske verkemiddel må sjåast i ein lokal kontekst, t.d. er det viktig å ta høgde for skalaeffektar. Storleiken på eksisterande bustadtilbod kan vere avgjerande for effekten av verkemidla. Studie gir òg indikasjonar på at startlånet på kort sikt kan føre til at både bustadprisar og etterspurnad aukar. På lengre sikt kan det allikevel sjå ut som at bruk av startlån gjer at talet på nye bustader vil auke.

Kommunale bustadtilbod

Studie av kommunal praksis, struktur, m.m., viser at mange kommunar ikkje har retningslinjer for prioritering av søkjarar og likeeins at prøving av behov skjer i liten grad. Marknadsbasert fastsetjing av husleige er heller ikkje utbredt. Studie viser at mange som bor i kommunale bustader ikkje er vanskeligstilte, at kommunar opplever den kommunale bustadmassen som ikkje eigna, og at sirkulasjonen er for låg. Alt i alt er det forska mykje på kommunale bustadtilbod, men NOVA peikar på at det manglar meir heilskapelege synteser som problematiserer konsekvensane av den residuale norske offentlege bustadmodellen.

Bustad-oppfølging, kommunal organisering og samordning

Nokre studie har sett på tenester knytt til bu-oppfølging, og sannsynleggjer nokre suksessfaktorar. Allikevel er det få studie som eintydig peikar mot effektane for dei vanskelegstilte sin bustadsituasjon. Studia har vist at kommunane organiserer seg ulikt og at tenester/tilbod mm ofte er fragmenterte. Det er m.a.o. ikkje behov for nye studie som påviser og beskriver organiseringa.
Offentlege prosjekt og satsingar

NOVA held fram m.a. Møreforskning si evaluering av dei bustadsosiale utviklingsprogramma og Fafo/Probas evaluering av kommunesatsinga, og går langt i sin kritikk av desse prosjekta. Møreforskning si studie er basert på korleis kommunane forstår situasjonen og seier lite eller ikkje noko om konsekvensane for den bustadsosiale aktiviteten eller for dei stilte sin situasjon.

Fafo/Proba sin studie kan heller ikkje seie noko om kva konsekvensar satsinga har hatt for brukarane. Det er avdekka fleire behov for kunnskap om virkemiddel og tiltak, desse er skildra nærare i rapporten.