Utbyggerstyrt byutvikling?

Forfattar:
Berit Nordahl, Rolf Barlindhaug, Eli Havnen, Siri Nørve og Alv Skogstad Aamo
Utgivingsår:
2011
Oppdragsgivar:
Storbyforskningsprogrammet og KS
Oppdragsutførar:
Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR)

Kort om publikasjonen

Prosjektet gjer greie for dei moglegheitene storbyane har til å styre byutviklinga når den i aukande grad vert initiert av eksterne utbyggjarar. Rapporten byggjer på eit utval av case frå i hovudsak kommunane Trondheim og Oslo og ei registrering av reguleringsplanar i Trondheim og Oslo over to år.

Oversikt over hovudfunn

  • Kommuneplanen sin arealdel er ein sterk styringsreiskap i byutviklinga, men sidan gjennomføringa vert gjort av private, er det heilt naudsynt at den vert supplert med annan innsats. Sidan kommunen berre unntaksvis er grunneigar, er det ein føresetnad at grunneigarar og utbyggingsinteressentar i området vert trekt inn i planlegginga.

  • I mange tilfelle er eigarskapet fragmentert, og små aktørar kan ikkje klare å løyse dei store infrastrukturinvesteringane som ofte må til for å få til utvikling. Både Trondheim, Oslo og Stavanger har utvikla ei type planleggarrolle der kommunen organiserer eit samarbeid mellom grunneigarane. Dette kan kallast ei katalysatorrolle.

  • Stavanger er godt kjend med katalysatorrolla, og meiner at dersom kommunen ønskjer å vere ein tydelegare premissleverandør i byutviklinga må dei også eige areal, slik at dei kan bruke desse i samhandlinga med private utbyggjarar. 

  • Det er openbart at det er eit reelt behov for at kommunane inntek ei fasilitator-rolle vis-á-vis marknaden, dersom dei skal nå målsettingar om bustadbygging også i område der eigarstrukturen er splitta opp.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten