Underskudd i bosettingen av flyktninger

En analyse av saksfremlegg og kommunale vedtak i Husbanken sør

Forfattar:
E. Guribye, W. Ellingsen og K. Hidle
Publisert av:
Agderforskning
Utgivingsår:
2014
Oppdragsutførar:
Agderforskning

Kort om publikasjonen

Mange kommunar vedtar å busette færre flyktningar enn dei blir spurt om. Formålet med undersøkinga er å finne forhold som kan forklare forskjellen mellom IMDI sin førespurnad og kommunestyra sine vedtak når det gjeld busetting av flyktningar. Fokuset i undersøkinga er på kommunale saksframlegg og politiske prosessar.

I det metodiske opplegget er dokumentanalyse sentralt, supplert med intervju/samtalar. 47 av 48 kommunar i IMDi Region sør (Agder og Telemark) inngår i undersøkinga.

Oversikt over hovudfunn

  • Det er ein interessekonflikt rundt busettingsvedtaka, fordi kommunane er meir opptekne av god busetting enn rask busetting. Dette forklarer til sjuande og sist forskjellen mellom IMDi sin førespurnad og kommunestyra sine vedtak om busetting av flyktningar.
  • I gjennomgangen av administrative og politiske saksframlegg i kommunane i Agder og Telemark blir blant anna følgande forhold avdekte:
    • Rurale kommunar ser til å være mest positive til busetting.
    • Vedtak som omfattar busetting av flyktningar over fleire år, er ønskelege, men står fram som lite fleksible når ein blir spurde om å busette endå fleire.
    • Familieattforeiningar blir inkluderte i vedtaka sjølv om dei blir haldne utanfor i førespurnadene.
    • Mangel på bustader står fram som eit hovudargument mot å busette flyktningar, men svært få kommunar har utarbeidd ein bustadplan.
    • Kommunar viser til dårlige integreringsresultat, men delar av integreringstilskotet blir sannsynlegvis ofte nytta til andre formål.
    • Det er ingen samanheng mellom politisk samansetnad i kommunane og busettingsvedtak.

Lenke til meir informasjon

Les analysen om underskudd i bosettingen av flyktninger

Vedlegg

Underskudd i bosettingen av flyktninger