Tre sårbare overganger til bolig - en kunnskapsoppsummering.

Forfattar:
M. I. Snertingdal og V. Bakkeli
Publisert av:
FAFO
Utgivingsår:
2013
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
FAFO

Kort om publikasjonen

Oppdraget har bestått i å utarbeide ei oversikt over eksisterande kunnskap, statistikk og andre datakjelder som behandlar overgangen frå lauslating frå fengsel og utskriving frå institusjon til bustad. Rapporten gir ei kunnskapsoppsummering av tre ulike sårbare overgangar til bustad, frå høvesvis fengsel, behandlingsinstitusjon og etter omsorg i barnevernet.

Rapporten er basert på ein litteraturstudie.

Oversikt over hovudfunn

  • Dei tre sårbare overgangane går føre seg innanfor ei politisk ramme der relasjonen mellom stat og kommune utgjer ei sentral rolle.
  • Ei generell systemutfordring handlar om kommunane sine prioriteringar og om dei har nok kapasitet og ressursar til å skaffe bustader og utføre ettervernsoppgåver på ein tilstrekkeleg måte.
  • Ei anna systemutfordring er at det er for tette skott mellom ulike etatar.
  • Det er vesentleg å få starta opp arbeidet med å skaffe bustad på eit tidleg tidspunkt.
  • Det er ein variert og mangelfull bruk av individuell plan og ansvarsgruppemøte.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Tre sårbare overganger til bolig