Tjenester til bostedsløse i ti kommuner Delevaluering 2

Forfattar:
Siri Ytrehus, Inger Lise Skog Hansen, Åsmund Langsether, Hans Christian Sandlie og Anna Skårberg
Publisert av:
Fafo-rapport 2007:23
Utgivingsår:
2007
Oppdragsgivar:
Sosial- og helsedirektoratet
Oppdragsutførar:
Fafo

Kort om publikasjonen

Rapporten er ein del av ei større evaluering av ei statlig tilskotsordning til bustadsosialt arbeid, tilskot til oppfølgingstenester til bustadlause i kommunane. Denne spesifikke rapporten er delevaluering 2, som viser korleis ti kommunar har brukt tilskotet. Rapporten har to hovuddelar, del ein presenterer forskingsperspektiv, framgangsmåte og hovudfunn, og del to presenterer dei ti casekommunane.

Rapporten har følgande hovudproblemstillingar:

  1. Korleis tenestene som tilskotet støttar, er forankra i det eksisterande tenesteapparatet, og kva for samordnings- og koordineringsmodellar som er nytta. 
  2. Ut frå eit tenesteytarperspektiv belyser ein kva for oppgåver tilskotet gir støtte til, tiltaka si faglege tilnærming og sine tenesteideal, målgrupper tiltaka er retta mot, og brukarmedverknad i tenesta.

Rapporten baserer seg på samtaleintervju med administrativt ansvarlege for tilskotet i kommunane, tenesteutøvarar som jobbar i tiltaket som tilskotet støttar, og aktuelle samarbeidspartnarar. 

Oversikt over hovudfunn

  • Informantane framhevar at det er behov for meir koordinert og samordna innsats når det gjeld brukarane.
  • Ingen i hjelpeapparatet definerer brukargruppa som sitt ansvar, noko som fører til at det ordinære tenesteapparatet seier frå seg ansvaret.
  • I dei fleste kommunane er tilskotet forankra i sosialtenesta eller i ei rusomsorgsteneste i kommunen.
  • Rapporten trekker fram ein viss grad av fragmentering i tenestetilboda, men peikar likevel på at det er ei utvikling på gang når det gjeld integrasjon i tenesteapparatet elles.
  • I fleire av kommunane speler tenesteytar ei heilt sentral rolle for å sikre samordning av tenester til brukarane. I tillegg utfører dei også oppgåver for brukaren som like gjerne kan definerast til andre tenestestader.
  • I dei fleste kommunane er tenestene retta inn mot arbeid i brukaren sin heim.
  • Felles for casekommunane er at dei har hatt vanskar med å kunne bruke kommunale bustader til personar med rusproblem.
  • Det er store skilje mellom kommunane når det gjeld kven som blir inkludert i tenesta.

Lenke til meir informasjon

Les evalueringen av tjenester til bostedsløse