- Forfattar:
- Rita Elisabeth Eriksen
- Publisert av:
- Diakonhjemmet Høgskole Rapport 2011/8
- Utgivingsår:
- 2011
- Oppdragsgivar:
- Barne- og likestillingsdepartementet
- Oppdragsutførar:
- Diakonhjemmet Høgskole
Kort om publikasjonen
Prosjektrapporten beskriv og evaluerer eit opplærings- og utviklingsprogram i oppgåveorientert meistringstilnærming (OOMT) innan bustadsosialt arbeid. Prosjektet blei gjennomført i perioden 2008–2011 i eit samarbeid mellom fire kommunar (Notodden, Porsgrunn, Seljord og Skien). Denne prosjektrapporten omhandlar systematisk, kommunal buoppfølging, som inneber tiltak som skal gjere brukarar best mogleg i stand til å meistre og ta ansvar for sine bu- og livssituasjonar. Programmet bestod av to trinn. Kvart trinn gjekk føre seg i eitt år og bestod av tre undervisningssamlingar med tre dagar kvar gong.
Rapporten belyser følgande problemstillingar: 1. Korleis opplevde tenesteytarane opplærings- og utviklingsprogrammet og samarbeidet med OOMT? 2. Korleis opplevde brukarane sin bu- og livssituasjon og samarbeidet med OOMT? Rapporten er basert på fleire kjelder og informantar. I alt har 20 kommunale tenesteytarar innan rusomsorg, burettleiing og psykisk helseteneste deltatt i prosjektet. Vidare deltok 106 brukarar: 74 enkeltpersonar og 32 medlemmer i brukargrupper. Datainnsamlinga baserte seg blant anna på brukarane sine forteljingar, eventyr, dikt og samandrag frå samarbeidet, referata frå samlingane, i tillegg til fokusgruppeintervju.
Oversikt over hovudfunn
- Erfaringane frå prosjektet viste at OOMT hadde stor betyding i arbeidet med å styrke brukarane si evne til å meistre sin bu- og livssituasjon.
- Tenesteytarane blei overraska over mangfaldet av ressursar blant brukarane.
- Brukarane meinte at dei meistra kvardagen betre når dei fekk hjelp som bidrog til å: styrke helsa, stabilisere økonomien, utvide nettverket, betre bu- og livssituasjonen, utvikle nye fritidstilbod, støtte eventuelle ønske om meir skulegang og auke moglegheitene i arbeidslivet.
- Brukargruppene i trinn 2 gav brukarane meir meining og trivsel i kvardagen, og dei rapporterte at dei følte seg meir «normale» når dei erfarte at andre var «i same båt».
- Det var store forskjellar i brukarane sin bu- og livssituasjon. Individuell tilpassing av oppfølginga synest derfor å vere heilt grunnleggande for å lykkast.