En boligsosial analyse av Skedsmo kommune

Forfattar:
M. Bjørnsen K. Johannessen og H. Renå
Utgivingsår:
2013
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Rapporten gir ein analyse av Skedsmo kommune sine bustadsosiale utfordringar basert på undersøkingar som er gjennomførte i perioden januar–april 2013.

Vurderingane bygger på undersøkingar som er gjort innanfor prosjektet sine rammer, i tillegg til NIBR si erfaring og kunnskap frå liknande prosjekt og eksisterande forsking.

Det er henta inn beskrivande statistikk, gjennomført dokumentstudiar av kommunen sine sentrale plan- og styringsdokumenter, gjennomført intervju med aktørar i kommunen og eksterne samarbeidspartnarar og tillegg gjennomført dialogmøte med representantar frå kommunen.

Oversikt over hovudfunn

Det er fleire utviklingstrekk som, viss dei fortset uendra, vil gjere situasjonen for dei vanskelegstilte på bustadmarknaden endå vanskelegare i tida som kjem:

  • For det første er det ein sterk prisvekst på blokkleilegheiter i Skedsmo samanlikna med dei andre Akershus-kommunane.
  • For det andre har talet på kommunale bustader, sett i forhold til befolkningsstørrelsen, blitt redusert dei siste åra.
  • Tilbodet av bustader til ulike grupper vanskelegstilte har med andre ord blitt redusert, mens det kan sjå ut som om etterspørselen har auka.
  • Kommunen kan tene på å tenke og jobbe meir strategisk i det bustadsosiale arbeidet sitt, når det gjeld evne til å sjå ulike verkemiddel og tiltaksområde i samanheng, og at avgjersler og prioriteringar blir gjort på grunnlag av heilskaplege vurderingar.
  • Det ligg eit forbetringspotensial i kommunen sitt planverk, samarbeid og kommunikasjon på tvers av relevante sektorar, bruken av økonomiske verkemiddel og bustadtildeling.

Lenke til meir informasjon

Les heile den bustadsosiale analysen av Skedsmo kommune.

Jubileum balonger

Veiviseren - 1 år!

Hva har vi gjort på ett år?
Vi har fått inn 30 nye temaer, beskrevet 15 nye forskningsrapporter og fått inn 18 nye eksempler fra kommuner.

Hva gjør vi fremover?
Vi jobber med 2 nye e-læringskurs, flere filmer og nye temaer. Mye spennende som skjer!

Vil du være med å påvirke innholdet?
Bruk innspillsidene og brukerundersøkelsen som ligger ute her