Samordnet bosetting av flyktninger

Perspektiver fra IMDi, Husbanken, og kommunene

Forfattar:
V. Bakkeli og R. Steen-Jensen
Utgivingsår:
2015
Oppdragsgivar:
Husbanken og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet
Oppdragsutførar:
Fafo

Kort om publikasjonen

Det konkrete arbeidet med busetting av flyktningar skjer på lokalt nivå ute i kommunane. Dei statlege aktørane Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og Husbanken skal hjelpe kommunane slik at målet om rask og god busetting av flyktningar blir oppnådd. Rapporten handlar om samordning mellom Husbanken, IMDi og kommunane om busetting av flyktningar og gode bustadløysingar, og moglege positive resultat av dette.

Studien bygger på intervju med informantar ved dei to etatane sine regionkontor, i seks casekommunar, ved tre fylkesmannskontor, deltaking på kommunesamlingar, og i tillegg litteratur- og dokumentstudiar.

Oversikt over hovudfunn

  • Det å ha nok bustader tilgjengeleg, og bustader som blir vurderte til å ha ein god standard, er utfordrande.
  • Det skjer ei samordning mellom Husbanken og IMDi sine regionkontor i nær sagt alle regionar, men det er også markante regionale forskjellar i graden av samordning.
  • Samordning mellom IMDi og Husbanken skaper positive resultat i form av større kompetanse om kommunane i etatane. Forskarane finn lite direkte samordning når det gjeld bruken av økonomiske verkemiddel mellom dei statlege aktørane i form av konkrete prosjekt.
  • Det er ulike styrings«logikkar» som gjer seg gjeldande mellom dei ulike aktørane. Dei ulike styringslogikkane skaper utfordringar og eit krysspress på dei statlege etatane, og då særleg for IMDi.
  • Det skjer mykje positivt og godt busettings- og integreringsarbeid ute i kommunane, med gode resultat. Lengeventande i asylmottak fortset likevel å vere ei stor utfordring innanfor dagens busettingsmodell.

Lenke til meir informasjon

Les studien Samordnet bosetting av flyktninger

Viktig informasjon

Veiviseren.no blir avviklet som eget nettsted 1. april 2023. Etter denne datoen finner du innhold om bolig- og tjenesteområdet på nettstedene til direktoratene som står bak veiviseren.no. Du finner lenker nederst på siden.

Har du spørsmål? Send en e-post til redaktor@husbanken.no

Vis informasjon