- Forfattar:
- Riksrevisjonen
- Publisert av:
- Dokument 3:3 (2010-2011)
Kort om publikasjonen
Utgangspunktet for undersøkinga er auken i talet på flyktningar som skal busettast i norske kommunar. Busetting er ei av oppgåvene til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Formålet med undersøkinga har vore å vurdere om måloppnåinga på viktige område innan integrering er i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader, korleis IMDi har medverka til måloppnåinga, og å i tillegg vurdere departementet si styring og oppfølging av IMDi.
Rapporten er basert på ein gjennomgang av statistikk (hovudsakleg frå IMDi sine rapporteringar), dokumentanalyse (saksmappegjennomgang av busettingssaker frå IMDi Øst og IMDi Nord), intervju (med IMDi) og ei spørjeundersøking i dei kommunane som buset flyktningar.
Oversikt over hovudfunn
(Her er det berre inkludert det som handlar om busetting.)
- Målet om rask busetting av flyktningar er ikkje nådd, sjølv om det i 2009 blei busett langt fleire flyktningar enn tidlegare.
- IMDi er langt unna målet om å busette einslege mindreårige innan tre månader.
- IMDi har tatt i bruk mange verkemiddel for å møte det auka busettingsbehovet.
- Oppfølging av busettingsmåla har vore prioritert i IMDi si verksemdsstyring.
- Mangel på eigna bustader hindrar busetting.
- Busettingstida kan reduserast.
- Måloppnåing føreset samarbeid mellom fleire aktørar. Kommunane sin innsats er særleg viktig.