Regjeringens tilbakeføringsgaranti

en forstudie av iverksetting

Forfattar:
E. Dyb og K. Johannessen
Utgivingsår:
2010
Oppdragsgivar:
Justis og politidepartementet
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Kriminalomsorgsmeldinga legg fram ei rekke forslag til tiltak som skal støtte opp om målet om at innsette skal ha ein rimelig sjanse til å leve eit liv utan kriminalitet etter lauslatinga. Denne rapporten ser på vilkår for å gjennomføre regjeringa sin tilbakeføringsgaranti for personar som er under kriminalomsorga.

Rapporten er delt i 5 kapittel. Kapittel 1 er ei generell innleiing.

Kapittel 2 går gjennom tildelingsbrev frå dei sentrale departementa, i tillegg til ein summarisk gjennomgang av samarbeidsavtalar mellom fem av kriminalomsorga sine regionar. Kapittel 3 drøftar forankring og føresetnader for å implementere tilbakeføringsgarantien. Kapittel 4 ser på rammevilkår for å implementere tilbakeføringsgarantien i tre fengsel. Kapittel 5 drøftar nokre utfordringar undersøkinga har avdekt.

Datagrunnlaget for rapporten er intervju med tilsette i ulike delar av kriminalomsorga, tilsette utanfor fengsla, som yter tenester til innsette og andre tilsette i det kommunale tenesteapparatet, og i tillegg gjennomgang av samarbeidsavtalar.

Oversikt over hovudfunn

  • Rapporten fann ingen omtale av garantien, men i tildelingsbreva frå Helse- og omsorgsdepartementet til Helsedirektoratet og frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Arbeids- og velferdsdirektoratet / NAV blir ei rekke aktivitetar som også omfattar innsette, omtalte.
  • Garantien synest å vere godt forankra på sentralt og regionalt nivå i kriminalomsorga.
  • Etatar som er forventa å samarbeide om tilbakeføringsgarantiane, er underlagde ulike lovverk, mål, økonomiske rammer og prioriteringar, noko som kan føre til manglande eller sviktande samarbeid.
  • Det synest å vere lettare å implementere servicetorget i eit fengsel med lågare sikkerheitsnivå enn i fengsel med høgare sikkerheitsnivå.
  • Det synest å ligge ei utfordring i å forankre ansvaret for tilbakeføringa hos nokre samarbeidspartnarar.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Regjeringens tilbakeføringsgaranti